Flora kommune og Selmer Skanska AS tok ut søksmål med millionkrav mot kvarandre i kjølvatnet av byggeskandalen. Praktbassenget vart ein totalfiasko med omfattande rustskader og lekkasjar etter kort tids drift.

Sunnfjord tingrett gir no begge partar litt medhald.

I den grad nokon vinnar kan kårast i rettssaka om badeanlegget Havhesten, blir det Selmer Skanska. Med alle sakskostnader innbakt, viser botnlinja at Flora kommune må betale selskapet nær 2,4 millionar kroner, medan Selmer Skanska må betale Flora kommune drygt 1,4 millionar kroner. Etter ei avrekning kjem kommunen dermed ut nesten ein million dårlegare enn entreprenørselskapet.

Utgangspunktet var at Selmer kravde 1.820.746 kroner for manglande sluttoppgjer etter bygginga av badeanlegget. Flora kommune kravde ein plass rundt sju millionar kroner for manglane ved badeanlegget, forventa tap i samband med reparasjon og for tapte inntekter. Pluss dagmulkter.

Retten har vurdert alle kravpostar i den 148 sider lange dommen, og har kome til at ingen av partane har rett på alle punkt. Dermed blir det ei slags skylddeling i det økonomiske oppgjeret, der altså Selmer kjem ut ein snau million betre enn motparten.

Grovt sett har Selmer fått ansvaret for dei omfattande rustskadene i badeanlegget, medan kommunen må bere det økonomiske ansvaret for lekkasjane. Kommunen nådde heller ikkje fram med sitt krav om millionerstatning for tapte inntekter i den tida bassenget har vore stengt.