Landets største Rikstoto-kommisjonær gjekk over ende med eit brak i fjor sommar, etter at storstilt kreditt-spel tok knekken på økonomien i selskapet. Den ureviderte 2000-reknskapen i Opal Mat Hop T. Solheim AS, viser at Solheim personleg hadde lånt 1,9 millionar kroner frå AS-et.

Solheim hevdar sjølv at reknskapstala er feil, og at han ikkje skuldar buet så mykje pengar.

Bustyrar Arne V. Njøten har difor tatt i bruk rettsapparatet i eit forsøk på å drive inn pengane. Forliksklage er sendt til Forliksrådet i Bergen, der Solheim blir kravd for 1,9 millionar kroner.

— Vi krev oppgjer for den gjelda som står oppført i reknskapen, seier bustyrar Njøten. Dersom partane ikkje blir samde i Forliksrådet, er Njøten budd på å gå til søksmål mot Solheim.

Bustyret har i tillegg meldt Solheim til politiet for brot på aksjelova, fordi han hadde for store private lån i selskapet.

Solheim er også meldt til politiet av Norsk Rikstoto og Norsk Tipping for økonomisk utruskap.

Speleselskapa meiner at han med det storstilte kredittspelet har snytt dei for til saman nesten 2,5 millionar kroner.

Sakene er ferdig etterforska, og det er no opp til påtalemakta om det skal reisast straffesak mot Solheim.

Han har sjølv hevda at han ikkje har midlar til å gjere opp for gjeld i den storleiken som Norsk Rikstoto og Norsk Tipping krev han for. Til saman er det registrert krav for 4,7 millionar kroner i konkursbuet til spelebutikken, som i 2000 omsette for 40 millionar kroner.

Thor Solheim hevdar at han har til gode 1,1 millionar kroner frå stor-gamblarar som fekk spele på hest utan å betale innsatsen på førehand. Bustyret har fått ei liste av Solheim med åtte namn på slike spelarar.