ERLEND SPURKELAND

I helga vart den 70 fot store kval— og fiskebåten «Olavson» sjøsett for brørne Jan Nilsen (55) og Oddvar Nilsen Husa (59). Seks arbeidsplassar er sikra ei framtid.

Framtidstru

Ved Storsandvik på Radøy har «Eidelift 1» rigga seg klar. 180 tonn plast og elektronikk - for 25 millionar kroner - dinglar nokre minutt mellom himmel og hav. Mundal båtbyggeri manglar slipp, så nybygget må heisast ut.

— Valet stod mellom satsing eller vidare drift på gamlemåten nokre år til, før utviklinga ville innhenta oss. Frå gamlebåten «Feie» følgjer brørne Jan og Oddvar spent med på heisinga av «Olavson», oppkalla etter faren deira. Han rådde sønene til å selja ut og gje seg. Tredjegenerasjon, Olav, Asbjørn og Kjersti, derimot har utdanna seg til og trivst med fiskaryrket, så då vart det til at familien satsa.

— Pluss at me håpar å få vera med nokre år til, me òg, flirer Jan.

Størst i Norge

— Me har tru på sandwich! Brørne gjorde materialvalet etter grundig sjekk i fiskarmiljøet.

— Vedlikehaldsfritt og med gode kjøleeigenskapar for framtidige fiskelaster. «Olavson» er den største fiskebåten som er bygt i sandwich i Norge. 21,3 meter lang. Tre lag plast, til saman sju cm tjukt, skil mellom sjø og mannskap. 800 hk gjev båten ein fart på vel ti knop. Ein betre arbeidsplass, med bakk, shelterdekk og stormbru fram til baugen, der kvalkanona skal monterast. Og det heile med ei byggjetid på eit år.

— Trass i betre mannskapsforhold og moderne teknikk vert det likevel litt vemodig å kvitta seg med «Feie», seier Oddvar Nilsen Husa. Men er letta over at han no som skipper ikkje treng senda folk utpå i lettbåten i alt slags vêr, vind og mørker. Det meste kan heretter ordnast frå brua og eigen båt. Og så lastar den tre gonger så mykje som gamlebåten.

Familiesamling

— Dar e båten til besten. Ingrid Elise (6) i kjeledress og med nyfelte mjølketenner er spent tilskodar til sjøsetjinga. Ho fortel at ho har vore oppe i tønna. Saman med fetrar, kusiner, onklar, tanter og anna slekt klatrar ho rundt på «Feie» og kommenterer heisinga. Alle er med ein slik dag.

— No e han nesten nedi. Eg frys på beina, sei ho, men vil ikkje varma seg i styrhuset.

Det vert knipsa og filma. Det er familiehistorisk. Sola stikk som snarast fram mellom regnbyer. Jan Nilsen køyrer rastlaus att og fram i lettbåten. Frå styrhuset vurderer Oddvar Nilsen Husa framdrift og framtid saman med far Olav og ordførarkona Vilgerd Storset Husa.

Sildefiske

Det gjekk bra. Nybygget er fortøyd ved kaia. Attmed gamlebåten.

Meir slekt, oransjekledde verftsarbeidarar og forvitne vandrar kailangs med handhelsing, gratulasjonar og smil. Utan ballast flyt «Olavson» høgt på vatnet og ligg «tungt på reva». I løpet av fjorten dagar skal den vera heilt trimma og klar. Med kanonfeste og tønna i masta. Først til sildefiske på Møre, kanskje på «loddo», seinare på kvalfangst, og på leit etter makrell i Nordsjøen. Før det skal det vera høgtidleg dåp. På Fedje, sjølvsagt. For sjølv om det står Bergen i akterstamnen, er det Fedje, tradisjon og framtidstru i distriktet båten representerer.

— Vi klør etter å koma i gang, ivrar Oddvar.

— Og kjem vel å stå om bord til me må hentast, legg Jan humrande til.

TRE FISKARGENERASJONAR: Frå høgre Oddvar og sonen Olav. Frå venstre Kjersti og far Jan. Bestefar Olav i midten har lånt namn til nybåten i bakgrunnen. <br/>Foto: ERLEND SPURKELAND