Kvinna var 22 år gammal då ho i 1985 vart innlagt ved Haukeland sykehus for å få gjort ei utskraping i livmora. Ved ein tabbe vart venstre arm liggjande i klem i 20 minutt under operasjonen, noko som førte til lammingar.

Måtte slutte i forsvaret

Haukeland sykehus tok på seg ansvaret for skaden, men dei vart ikkje samde med kvinna om erstatninga. Kvinna hevda at ho hadde fått store psykiske vanskar på grunn av den øydelagte handa, og at dette førte til at ho måtte slutte ved Sjøkrigsskolen, der ho i 1985 var elev. Kvinna gjekk til søksmål mot Hordaland fylkeskommune, som inntil årsskiftet var eigar av Haukeland sykehus.

I Bergen byrett vart ho i forfjor tilkjent til saman 3,9 millionar kroner i erstatning — blant anna for store inntektstap. Ho meinte sjølv denne summen var for låg, og anka til lagmannsretten.

Fekk erstatninga redusert

Helse Bergen HF, som i dag er den statlege eigaren av sjukehuset, ville på si side ikkje gje henne meir enn 90.000 kroner i erstatning for at ho er påført varige mein.

Gulating lagmannsrett har no slått fast at kvinna har krav på erstatning både for lidt inntektstap, framtidig inntektstap og for at ho er påført varige mein. Men dei meiner summen byretten kom fram til er alt for høg, og har sett erstatninga til 2,3 millionar kroner.

Sjølv kravde kvinna i lagmannsretten 5,6 millionar kroner av Helse Bergen HF.