Shetlandsponnien fekk panikk av fyrverkeri ein januardag på Stord i 1997 og sprang rett ut i trafikken med den då 11 år gamle jenta på ryggen. Både hesten og jenta blei treft av ein bil. Jenta braut foten og fekk varige nerveskader i høgrearmen.

— Armen er ubrukeleg. Eg har måtta trena meg opp til å bruka berre venstrearmen etter ulukka. Draumen om å bli dyrlege har eg måtta slå ifrå meg, seier Berit Haga Vikanes til Bergens Tidende.

Det er den uheldige bilføraren sitt forsikringsselskap Gjensidige Nor som ifølgje Sunnhordland tingrett må ut med millionerstatning til Stord-jenta.

Sjåføren såg ikkje ekvipasjen før ponnien bykste over autovernet og trefte bilen. Det er det objektive bilansvaret som utløyser erstatning. Skadebotlova om standardskadebot for born bestemmer erstatningssummen. Forsikringsselskapet må også betala Haga Vikanes sine saksutgifter på knapt hundre tusen kroner.

Gutestrekar

Berit Haga Vikanes pleidde å stella ponnien Rocky, og var ute og reid saman med to venninner då ulukka skjedde ved Drømmehaugen på hovudvegen mellom Leirvik og Rommetveit.

Berits venninner var komne over vegen med hestane då ein rakett gjekk av og skremde Rocky som hoppa over autovernet og rett ut i den trafikkerte vegen. Gutane som sende opp fyrverkeriet gjorde det for å halda ap med hestejentene, meiner Berit.

Det siste ho hugsar frå ulukka var den møtande bilen. Både Berit Haga Vikanes og ponnyen blei liggjande i vegbanen etter samanstøyten. Hesten kom toleg bra frå ulukka, medan Berit fekk eit månadlangt opphald på sjukehus.

Høgrearmen var heilt lam. Tre store operasjonar har gitt litt resultat, men den snart 18 år gamle jenta er 45 prosent ufør i armen. Etter eitt år i USA er Berit Haga Vikanes frå i haust elev på allmennlina ved Stord vidaregåande skule.

Gjensidige Nor ville i utgangspunktet ikkje betala erstatning. Selskapet viste til at det ikkje er klargjort at jenta blei treft av bilen i uhellet. Skadane kan ha oppstått fordi jenta kasta seg av eller fall av hesten før Rocky trefte bilen, argumenterte Gjensidige Nor. Tingretten finn på si side det mest sannsynleg at bilen medverka til at jenta fall av ponnien.

— Eg har prøvt å leggja ulukka bak meg, iallfall har eg mista lysta til å ri, seier Berit Haga Vikanes. Som er nøgd med utfallet i tingretten, men som enno må venta ei veke før forsikringsselskapet eventuelt bestemmer seg for å anka.

VANN FRAM: Hestepassinga tok ei brå vending for Berit Haga Vikanes då ho og ponnien Rocky blei påkøyrt av bil på grunn av fyrverkeri i 1997. No har ho fått millionerstatning for varige mén i høgrearmen etter ulukka.<br/> Foto: Ove A Olderkjær