— Av i alt 2,6 millionar skal 800.000 kroner gå til utvikling av senteret. 1,8 millionar er departementet sitt bidrag til EUROPARC-konferansen i Stryn, der Jostedalsbreen nasjonalparksenter er vertskap, seier Brende til Bergens Tidende.

Det var under sitt besøk i Sogn og Fjordane i dag at Brende kom med denne gladmeldinga til det unike nasjonalparksenteret i indre Nordfjord.

Ansikt mot Europa

— Senteret skal i august arrangere den store EUROPAC-konferansen 2003. Det er ei oppgåve å fornye og bygge ut senteret sine samlingar når naturforvaltarar frå heile Europa kjem til Stryn, sa Brende då han presenterte pengegåva i går.

— Målet vårt er også å ta vare på vår fantastiske natur for neste generasjon og formidle kunnskap ut frå Jostedalsbreen nasjonalparksenter, sa han.

— Eg vil gjerne støtte dette arbeidet. Rolla som arrangør av Europac-konferansen gjer at Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Stryn blir eit ansikt ut mot Europa. Slik kan senteret profilere norske nasjonalparksenter og formidle vår nasjonalparkpolitikk og -forvaltning, sa Brende ved overrekkinga av pengegåva til utsendingar frå Stryn.

Enorm betydning

Folk frå alle kantar og svært mange land har strøymt til dette senteret, serleg dei siste sesongane. 30.000 var innom i fjorårssesongen.

Ordførar Nils Støyva i Stryn vektla, då han takka miljøvernministeren, den enorme betydninga som senteret no vil få etter opprusting, og serleg med deltakinga av miljø- og naturforvaltarar frå heile Europa til EUROPARC-konferansen 2003 på senteret.

Miljøvernministeren, med sitt fornamn henta frå naturperla Børgefjell, var ikkje snau i superlativa då han i går tala til fylkesmannen og resten av reisefylgjet: - Innan reiseliv og miljø er Sogn og Fjordane eitt av våre aller viktigaste fylke, om ikkje det viktigaste, sa han.

<b>FØRSTE GANG I NORGE:</b> Europas naturvernkonsulenter får blant anna med seg vakre Briksdalsbreen når EUROPARC-konferansen for første gang blir arrangert i Norge i august. ARKIVFOTO: HELGE SUNDE