Det er klart etter at politiet har innstilt på at industrigiganten skal ileggast «ei sterkt følbar bot» for forsømmelsane i forkant av den tragiske eksplosjonsulukka. Den eksakte summen vil statsadvokaten avgjere seinare.

Samstundes inneber dette at påtalemakta ikkje vil halde nokon enkeltperson ansvarleg for ulukka.

«Sterkt følbar» bot

Både Arbeidstilsynet og ein intern granskingskommisjon i Hydro har slått fast at fleire brot på lovar og reglar skjedde i forkant av ulukka 9. mars 2000. No har politiet avslutta si etterforsking, og sendt si tilråding over til Statsadvokaten. Beløpet er ikkje fastsett, men Gjertsen skriv at bota bør vere «sterkt følbar» for Hydro.

— Eg har utarbeidd ei sikting der eg innstiller på at foretaket, altså Hydro, blir ilagt eit førelegg. Storleiken vil vi komme tilbake til, etter at Statsadvokaten har vurdert saka, seier politiinspektør Terje Gjertsen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Hydro blir klandra for ei rekke brot på Arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter. Dette går på mangelfull risikovurdering i forkant av den fatale arbeidsoperasjonen, samt at bedrifta ikkje hadde tilfredsstillande rutinar for utveljing av metall som skulle omsmeltast.

— Her er det snakk om kumulative regelbrot. Det vil seie fleire overtredingar som i seg sjølve ikkje er så alvorlege at dei kvalifiserer til straff, men som samla blir så alvorlege at det medfører straffeansvar for bedrifta, seier Gjertsen.

Ventar stor bot

Far til den omkomne Jan Robert Larsen, Leif Larsen, har venta i nær tre år på dette oppgjeret. Etter det som skjedde med sonen, har han forventa ein solid botreaksjon mot selskapet. Larsen meiner rekordbota som Hydro vart ilagt etter dødsulukka på Oseberg Øst-plattformen i jula 2000 bør vere målestokken. Den gongen vart Hydro ilagt eit førelegg på 15 millionar.

— Eg forventar at denne saka endar opp med ei bot i omtrent same storleiken, seier Leif Larsen til Bergens Tidende.

— I begge tilfelle er det snakk om ei rekke alvorlege brot på arbeidsmiljølova.

Larsen har hatt ei tøff tid etter ulukka, og er fortørna over at politiet har brukt så lang tid på å få saka avgjort.

— Alle rapportane var relativt klare og eintydige, og låg på bordet nokså kort tid etter ulukka. Likevel har tida gått, og saka har gått fram og tilbake mellom eit stort tal ulike politijuristar, fortel han.

— Eg tykkjer det er heilt hårreisande at ei såpass klar og enkel saka skal ta så lang tid å få avgjort.

Informasjonsjef Thomas Knutzen i Hydro Aluminium ønskjer ikkje å seie korleis konsernet vil reagere på å bli bøtelagt etter ulukka.

— Vi har enno ikkje motteke noko førelegg, så det er vanskeleg å kommentere, seier Knutzen.

— Men vi har bidratt med alt vi kan for å få klarlagt kva som skjedde i denne saka, og har også gjort det vi meiner er påkravd for at det ikkje skal skje igjen.