På same måte som det borgarlege byrådet i Bergen, kan no den borgarlege fleirtalskoalisjonen i Hordaland fylkeskommune slå seg på brystet med at dei har snudd underskot til overskot.

Når fylkestinget møtast på Stord tysdag vil Høgre, Frp og KrF kunne skilte med at tidlegare års underskot no er nedbetalt, og at det enno er pengar til overs.

— Vi har eit overskot på 45 millionar kroner som vi skal fordele slik, seier Terje Søviknes (Frp), og sender eit ark over bordet.

Der står det at

— 1,5 millionar går til kulturføremål

— 15 millionar går til vedlikehald av vegar, og til opprusting av vegen Haus-Bruvik på Osterøy.

— 20 millionar skal gå til IT og anna utstyr til vidaregåande skular.

— 4,5 millionar går til eit fond som skal få lågprisselskap til å opprette flyruter til Flesland.

Det er ikkje tilfeldig at alt går til investeringar, og ingenting til å auke driftsbudsjetta for i år.

— Det er viktig at vi ikkje aukar driftsutgiftene på ein permanent basis. Så det vi satsar på er eingongsutgifter og investeringar, seier Søviknes.

I alt hadde fylket eit netto driftsoverskot på 259 millionar kroner i fjor, over 100 millionar meir enn året før. I alle år frå 1998 til 2003 gjekk fylket med underskot.

HANDLEFRIDOM: På to år er underskot snudd til overskot i Hordaland fylkeskommune, noko det borgarlege fleirtalet ved (fra venstre) Terje Søviknes (Frp), Tom-Christer Nilsen (H) og Pål Kaarbø (KrF) tek mykje av æra for. (FOTO: ØRJAN DEISZ)