OVE ARNE OLDERKJÆR

Striden i Sunnhordland tingrett i slutten av april vil stå om korleis det ettertrakta skaldyret skal målast. Ekteparet i 50-åra vil så tvil om målemetoden til Fiskeridirektoratet, som i oktober i fjor fann 55 hummarar under minstemålet i paret sin merd.

Minstemålet for hummar i Noreg er for tida 25 cm, målt frå spissen av pannehornet til bakre kant av den midterste symjelappen.

Bøter på opptil seks tusen kroner pr. undermåls individ skal vera gitt for den norske skaldyrarten som ifølgje forskarane er utryddingstruga. I Kvinnherad-paret sitt tilfelle var den ulovlege fangsten så omfattande at politiet ønskte straffesak.

Med eller utan bust

Det prinsipielle spørsmålet retten skal ta stilling til er: Skal også bustehåra bakarst på halens symjelapp reknast med når hummaren blir målt?

— I tilfelle var berre tre av dei beslaglagte hummarane under minstemålet, seier Kvinnherad-parets forsvarar, advokat Kjell Steinsbø.

Medan advokat Steinsbø og klientane hans hentar støtte for sitt syn hos andre hummarfiskarar i distriktet, er dei ansvarlege i Fiskeridirektoratet klinkande klare: Busta skal ikkje reknast med.

— Eg har aldri høyrt om ein slik målemetode. Det er jo som om gutar på sesjon skulle bli høgdemålte med utstrekt hår, seier inspektør Terje Otnes i Fiskeridirektoratet. Saman med kollega Inge Roset gjorde han funnet av dei ulovleg fanga hummarane i Kvinnherad i fjor haust.

— På skaldyr måler vi skalet, slik folk blir målte frå fotsåle til isse. Ekteparet var til stades då vi målte, dei hadde ingen innvendingar. Og vi målte helst i fiskarane sin favør, seier Otnes.

Inspektør Terje Otnes trur elles ikkje halebusta vil gjera noko til eller frå i denne saka, ettersom håra sjeldan blir lengre enn fire-fem millimeter lange.

Vil ha ny metode

— Det er nok mange lokale variantar for korleis ein måler hummar. Men hos oss er det ikkje tvil; busta er ingen fast del av skalet, seier forskar Gro van der Meeren ved Havforskningsinstituttets akvakulturstasjon i Austevoll.

Van der Meeren vil at Noreg skal innføra målemetoden for hummar som internasjonalt er mest vanleg. Den går ut på å måla berre ryggskalet, frå augnekroken til der ryggskalet går over i haleleddet. Dermed unngår ein å strekkja haleledda og inkludera busta for å få maksimalt lengdemål på dyret.

OMSTRIDT: Fiskarar og forskarar stridest om korleis hummar skal lengdemålast, og saka er blitt advokatmat.<p/>FOTO: HAVFORSKNINGSINSTITUTTET