No vil glopparane og eidarane ha ferjefri kryssing av Nordfjorden på politisk dagsorden.

Kring 20 år etter at dette sist var framme, blei det i dag presentert ein rapport med ei rekkje ulike alternativ for å krysse fjorden. Billegast er bygging av ei fast pelebru til 1,7 milliardar. Dyrast er undersjøisk tunnel som vil koste 3,2 milliardar.

Selskapet Aas-Jakobsen som står bak rapporten, rår til at eit brualternativ til 2,2 milliardar blir valt. I dette alternativet blir det brukt ulike teknikkar for å byggje bruer.