ASBJØRN KRISTOFFERSEN asbjorn.kristoffersen@bt.no

— Det vart kjøpt drivstoff for 1,1 millionar kroner på Skarsholmen fredag.Det skulle vel halda eit par veker, seier Helge Andersen, dagleg leier for Bergenhus Shipping Services AS, "Le grand bleu"s skipsagent i Bergen.

Ser ut som ein oljepram På fråstand ser farkosten ved Tollbodkaien ut som ein oljepram på landlov, med to kraner og to helikopterlandingsplassar.

På nært hald riv pengelukta i nasa. "Le grand bleu" er utstyrt med ein 23 meter seglbåt og ein 25 meter motorsjalupp som lettbåtar. I tillegg til livbåtar og anna båtknask, ei handfull motorsyklar, men ikkje ein einaste bil, ikkje så mykje som ein Jaguar.

Det er enklast med helikopter.

At eigaren ikkje nøyer seg med ein helikopterlandingsplass, kjem sikkert av at slike typar må ha både pappa-helikopter og kone-helikopter.

108 meter lang Ifølgje Boat International Magazine skal "Le grand bleu" vera den aller største amerikansk-eigde, private yachten, 108,7 meter langt,Røkkes ut-på-tur-slagskip er ynkelege 70 meter.

Hamnesjefen i Darthmouth i England har sagt at den amerikanske eigaren av det flytande palasset ved Tollbodkaien er ein svært mediesky person. Ifølgje det internasjonale båtbladet er skipet eigd av ein familie som samlar på yachtar. Slike folk vil gjerne ikkje ha offentleg merksemd om leikesakene sine.

Mannskap på 22 Det er ikkje lett å sitja med pengar langt over hovudet. I tillegg til mannskapet på 22, er det også fire-fem tryggingsoffiserar om bord i "Le grand bleu"Mega-yachten har leigd kaiplass til tysdag, eigar-lugarane står tomme og mannskapet ventar på ordre om kvar dei skal setja kursen. Helge Andersen ser ikkje bort frå at det kan bli fjordcruise. Førre ankringsplass var Monaco, dit kom båten frå Karibia, der flaggbyen St. John's også ligg.

Båten er berre eitt år gammal, bygd i Bremen, og med innpå ti tusen hestekrefter til rådvelde. Marsjfarten er femten knop, maksimumsfarten er 17 knop.

— Eg ville ikkje hatt ein slik båt, ikkje om eg hadde vore rik nok, heller, seier Helge Andersen.

MED SEGLBÅT SOM LETTBÅT: Superyachten "Le Grand Bleu" er 108 meter lang. Ombord finst det både ein seglbåt på 23 meter og ein motorsjalupp på 25 meter, i tillegg til motarsyklar og anna nødvendig utstyr når ein skal på båttur. Vidunderet har leigd kaiplass i Bergen til tysdag.Foto: Bjørn Erik Larsen