I går kunne leiaren i Voss Ungdomslag, Olaug Hamre (bildet), ta mot Voss kommune sin Miljøvernpris for jobben som er gjort; rehabilitering utvendig. – Resultatet kan alle gle seg over. Vindauger er skifta, kledning er måla og drakehovud er på plass att, sa leiaren i det kommunale miljø— og kulturutvalet, Gunn Berit Lunde Aarvik då eit grafisk blad av kunstnaren Geir Nymark vart overrekt i går.

Olaug Hamre tek imot Voss kommune sin miljøvernpris på vegne av Voss Ungdomslag som har restaurert Voss Ungdomshall til fordums prakt.
ARNE HOFSETH