Når det gjeld sambandet Lavik-Oppedal, der ferjer går i skytteltrafikk store delar av døgnet, har ikkje vegvesenet pengar til å skifte til miljøvennlege ferjer.

Fire ferjesamband i Ytre Sogn og Ytre Sunnfjord skal i vinter ut på anbod. Mellom desse er trekantsambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella, også kalla Solundferja, og storsambandet på E39 mellom Lavik og Oppedal.

No spring Statens vegvesen frå ein to år gammal avtale om at talet på ferjeavgangar mellom fastlandet og Solund skulle utvidast når sambandet skulle lysast ut.

Fortare ferje, auka utslepp

— På dei to åra som har gått er fokus på miljø blitt mykje større. Skal vi ha fleire avgangar til Solund, må ferjene gå fortare. Då vil utsleppa auke, seier rådgjevar Anne Jorunn Fjærestad.

— Men om miljøet er så viktig, kvifor blir det ikkje lagt opp til gassferjer mellom Lavik og Oppedal?

— Det er jo eit kinkig spørsmål. Gassferjer krev relativt store investeringar på ferjekaiene. Det har vi ikkje midlar til i den perioden av Nasjonal Transportplan som vi er inne i.

I praksis vil det dermed ikkje bli gassferjer på Lavik-Oppedal før neste anbodsperiode, sannsynlegvis i 2015. I Ytre Sogn er folk provoserte over at staten brukar miljøomsyn for å seie nei til å gje sulingane betre ferjetilbod, men sjølv ikkje vil betale for gassferjer på nabosambandet der to store ferjer går i skytteltrafikk store delar av døgnet.

I Gulen samla politikarane seg før helga om eit vedtak med skarp kritikk av vegvesenet:

— Vi finn det urimeleg at raskare og betre ferjemateriell til Solund blir avvist ut frå miljøomsyn, medan eit stort samband som Lavik-Oppedal ikkje får krav om gassferje for å redusere klimautsleppa.

Folkemøte

I går kveld var det folkemøte i Solund om saka.

— Kommunane blei i oktober kalla inn til eit informasjonsmøte. Like til då levde vi i den tru at det var den to år gamle planen som skulle gjelde, seier Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad.

Ho legg ikkje skjul på at ho er skuffa over at vegvesenet ikkje lenger står ved avtalen som ville gitt ti daglege avgangar til fastlandet. Det var også lagt opp til fleire direkteavgangar mellom Krakhella og Rutledal i Gulen. Det er på denne strekninga trafikken har auka mest siste åra, i fjor med 11 prosent.

— Vi hadde etter vårt syn fått på plass eit svært tenleg ruteopplegg. Sjølv om vi også no får ei lita forbetring, er det ikkje godt nok å ha eit vegsamband som i praksis er stengt to-tre timar fleire gonger for dag, seier Mongstad.

Statens vegvesen gjev ikkje store håp om at protestane som no kjem, vil føre til hyppigare frekvens. I anbodet legg Vegvesenet opp til at ferja no skal liggje i Krakhella om natta. Dermed blir det tidlegavgang frå Solund og kveldsavgang til øykommunen. Totalt blir det åtte turar på kvardagane, seks i helgane.

IKKJE GASS: Storsambandet Lavik-Oppedal skal framleis trafikkerast med ureinande dieselferjer. Gassferjer kan først bliaktuelt ved neste utlysing på anbod. Det kan bli åtte år til. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH
Apneseth, Oddleiv