Ein miljøkrigar mot ein kraftsosialist. Eit forslag om å fjerna den gamle kraftstasjonen mot ønsket om å oppgradera kraftverket ved porten til Folgefonna nasjonalpark.

Oddekalv og Kloster står steilt på sitt på kvar si side av Ringeriksfossen. Om få veker skal olje— og energiminister Einar Steensnæs ta stilling til kva som skal skje med det omstridde, vesle kraftanlegget mellom Baroniet Rosendal og Folgefonna.

Første tilbakeføring

— Tilbakeføring av eit utbygt vassdrag til naturen har ikkje skjedd før i Noreg. Hattebergvassdraget bør bli det første, og det kan bli eit uhyre interessant vitskapeleg prosjekt som vil kunna få enorm marknadsføringsverdi for regjering og kommune, seier Kurt Oddekalv.

— Det er eit pinglekraftverk Kvinnherad-politikarane går inn for etter at Ap-regjeringa i fjor avviste ei større utbygging i Muradalen. Vi må tenkja nytt og annleis. Og mitt framlegg gir flest arbeidsplassar, og fleire turistar til Rosendal.

Oddekalv viser fram skissa han har fått laga med forslag til eit økologisk, miljøhistorisk informasjonssenter han ser føre seg oppå ruinane av Muradalen kraftverk.

— Det skal ikkje vera eit dødt museum, men ein stad der ein også kan overnatta, eta og oppleva. I Rosendal finst det folk som driv hesteskyss, som kan bli ein del av transporten av folk dei tre kilometrane inn til senteret. Det kan bli like bra som ved Briksdalsbreen, meiner Oddekalv.

Den bergenske miljøkrigaren vil at staten går inn med nokre titals millionar kroner i prosjektet, og har sendt framlegget til olje- og energiministeren og miljøvernministeren. Leiaren av Norges Miljøvernforbund er ikkje einig i at han kastar seg seint inn i striden om Muradalen.

— Folgefonna nasjonalpark er min baby, eg laga ei skisse til korleis det burde sjå ut den gong eg var i Naturvernforbundet.

- Ikkje realistisk

— Eg set pris på initiativet. Og eg trur nok Kvinnherad kommunestyre ville la seg fascinera dersom staten ytte dei 50-100 millionar kronene som Oddekalvs forslag inneber, seier Aksel Kloster.

— Men staten vil ikkje ta del med slike summar. Vi går derfor inn for å rusta opp det eksisterande anlegget frå 1919 i tråd med NVE si tilråding. Det gir ein produksjonsauke frå 8,5 til 27,8 GWh, og sikrar oss mange hundre millionar kroner i inntekter i framtida.

Kvinnherad Energi har ævekonsesjon i vassdraget, og vi er nøydde til å reparera installasjonane uansett, seier Aksel Kloster. Kvinnherad Høgre har denne veka sendt brev til miljøvernminister Børge Brende (H) og bede han støtta NVE-tilrådinga.

- På barrikaden for Alta

Kurt Oddekalv eglar Aksel Kloster med at ordføraren kan få sin eigen statue ved nasjonalparksenteret i Muradalen.

— Når du tek av deg den høgtflygande Kloster-maska, er du ein ganske streit fyr. Og når du kjem med hesteskyss inn Muradalen til det nye informasjonssenteret, vil du kosa deg idet du ser naturkjærleiken har vunne over kraftsosialismen, seier Oddekalv.

— Ja, eg er ein kraftsosialist. Eg stod på barrikadane for Alta-kraftverket óg, eg, svarar ordføraren.

— Men eg vil ikkje bruka deg til økonomisk rådgjeving. Her i Kvinnherad driv vi nemleg i balanse, seier Kloster til Oddekalv.

— Og i motsetnad til deg har eg stor oppslutnad i folket. Eg nyttar meg heller ikkje av hersketeknikken med å snakka så mykje at andre ikkje slepp til, seier Aksel Kloster i kjent ironisk stil.