Medan fem Greenpeace-aksjonistar godtok bota på 5000 kroner kvar, nekta 11 aksjonistar med Bellona-leiar Frederic Hauge i spissen å godta førelegget etter aksjonen i Ølensfjorden sundag 14.november i år. Organisasjonane aksjonerte mot denne riggen fordi den neste år skal starta ei omstridd boring i Barentshavet.

Botnekten løna seg, for no har Sunnhordland tingrett redusert bota til 3000 kroner. Samstundes slepp aksjonistane å betala sakskostnader, og dei slapp å betala flyreisa fram og tilbake frå Oslo for å møta i retten på Stord sist fredag. Fem av dei 11 tiltalte stilte til rettsforhandling.

Sunnhordland tingrett grunngjev botreduksjonen med at «dei tiltalte ikkje har utvist eit påtakeleg forbrytersk sinnelag t.d. ved å opptre for eiga vinning eller tilfredsstilling», som det står i domspremissane.

<b>DELSIGER:</b> Frederic Hauge og 10 andre som aksjonerte mot boreriggen Eirik Raude i Ølensfjorden, fekk redusert bota frå 5000 til 3000 kroner i Sunnhordland tingrett.<br/> FOTO: JON EDVADRSEN