— Kjem det ikkje meir snø, må vi trekka lengre oppover i fjellet for å få skikkelege øvingsvilkår, seier sjefen for Alliert Treningssenter Sør (ATS/S), oberstløytnant Oddmund Nygård til Bergens Tidende.

Han er ikkje uvand med å måtte improvisera. I haust fall snøen tett på Voss då nederlandske soldatar skulle ha barmarksøving. Dei enda opp i Samnanger og på Osterøy.

— Akkurat passeleg med snø er ikkje lett å få til, seier Nygård.

Han er godt nøgd med eit «belegg» på knapt 700 mann i vinter. Ei jamn fordeling utover året er betre enn sterk slitasje på terreng og lokal velvilje nokre korte vinterveker.

Rundt 140 køyrety skal brukast i vinter. Dei fleste er nederlandske bandvogner som alt er på plass. Trafikkproblem er berre aktuelt på forflyttingsdagen til Troms i mars. Ingen militærhelikopter får base på Bømoen i vinter, men britane kan ved behov henta over helikopter frå Valdres.

Alle einingane kjem på fastsette datoar i januar. For britane er heimreisedatoen litt diffus. Den avheng av kva som skjer elles i verda. Underforstått: dei må vera budde på å delta i ein eventuell krig mot Irak.

Men det kan også henda at dei endar opp på storøvinga i Troms i mars, saman med dei rundt 500 nederlendarane som øver på Voss i vinter. Nederland blir klart største militærmakt på Voss i vinter, og ATS/S ser på dei som gode kundar også i framtida. Men det er også gjort framstøyt mot USA, Storbritannia, Tyskland og Danmark. Ein sjarmoffensiv overfor Polen står for tur.