ARNE HOFSETH

Lengst inne i kroken i den fremste vogna sat ho og ante fred og ingen fare, Ann Davison frå Cheshire i England, saman med mannen Michael Whitworth. Ho rekte fram den 26. billetten då konduktør Siw Helen Hagan kom rundt med tonga på 12.50-avgangen frå Myrdal i går.

Då toget oppover passerte Vatnahalsen, var det offisielle talet på reisande sidan årsskiftet 399.974.

— Vi har aldri vore i Noreg før, men har begge hatt norsk arbeidsgjevar. Vi møtte kvarandre på Norsk Hydro si avdeling i Cheshire, fortel ein mildt sagt overraska jubileumspassasjer. Paret har vore ein tur med Hurtigruta til Trondheim og tok i går rundturen «Norway in a nutshell» frå Fleischer's Hotell på Voss. I dag står ein lang spasertur frå Vangen på programmet.

Flåmsbanerekorden vart i går også feira i Japan. Der serverte direktør Olav Lühr middag til 150 reiselivsfolk som vonleg kan skaffa enda fleire reisande til neste år. Sjølv om middagen vart halden på kveldstid, vart det nokre timars forskottering på grunn av tidsskilnaden.

400.000 reisande var talet tidlegare NSB-direktør Kristian Rambjør brukte då han auka billettprisen med 50 kroner for å få ti millionar kroner meir i kassa. Årsrekorden vart passert tysdag, og i går, vart altså den store milepælen passert. Totalt passasjertal sidan teljinga starta i 1942, passerte ti millionar i august 2000.