Utnemninga gjeld for ein periode på seks år. Ho var ein av seks søkjarar til stillinga.

Dette inneber at den raud-grøne regjeringa vel å plassere ein Høgre-politikar i ei stilling der det ofte har vore konfrontasjon mellom faginstansen og departementet/regjeringa.

Pressekonferanse i dag

Bt.no har ikkje lykkast å få kontakt med Meyer, men statsråd Rigmor Aasrud vil presentere den nye konkurransedirektøren på ein pressekonferanse seinare i dag.

Som statssekretær for statsråd Victor Norman planla ho i 2001-2003 utflytting av ni statlege tilsyn frå Oslo, inkludert flyttinga av Konkurransetilsynet frå Oslo til Bergen.

I dag er den tidlegare statsråden og statssekretæren gifte.

Gratulerer Meyer

Dagens konkurransedirektør, Knut Eggum Johansen, seier til bt.no at han gratulerer Meyer med jobben.

— Det er hyggjeleg at det nå blir ei kvinne, etter at seks menn har hatt denne stillinga. Og Meyer tiltrer 1. april, seier Eggum Johansen.

— Eg vil nå ringe og gratulere Meyer med jobben og invitere henne over til ein prat så snart det let seg gjere, seier han.

— Første gong eg vart merksam på Meyer var då ho i 1999 eller 2000 presenterte ein rapport ho hadde laga for Kredittilsynet om røynslene med fusjonar i banknæringa. Eg er viss på at ho er godt kvalifisert for den nye jobben, legg han til.

Skriv rapport

Sjølv sluttar Eggum Johansen ved utgangen av mars. Då skal han arbeide som rådgjevar for Fornynings- administrasjons- og kyrkjedepartementet.

— Eg skal då lage ein rapport som dokumenterer røynslene frå flytteprosessen ved overflyttinga av Konkurransetilsynet frå Oslo til Bergen.

— Siktemålet er å trekkje lærdom av kva vi gjorde smart og kva vi kunne gjort endå smartare.

— Dessutan skal eg lage ei vurdering av verknader av konkurransepolitikken, seier Eggum Johansen.

FIKK JOBBEN: Byråd Christine B. Meyer går av som byråd for å bli ny konkurransedirektør. ARKIVFOTO: Jan M. Lillebø