Dermed fryktar politiet at 10 liter giftig sprit kan ha hamna i Sogn.

Etter rakfiskfestivalen på Fagernes for vel to veker sidan fekk politiet tips om at ein person med sognedialekt kjøpte ei tiliters kanne med den ulovlege spriten, melder Firda.

Politiet ber folk vera på vakt og ikkje drikka sprit dei ikkje veit kvar kjem ifrå.