Ei blanding av metalla aluminum og sink kan bli redningen for elva, som har vore omtrent daud sidan 1997.

— I alle forsøk som er utført i laboratorieskala har vi tatt knekken på parasitten uten å drepe ein einaste laks, seier pro-sjektleiar Espen Lydersen ved Norsk Institutt for vannforskning (NIVA).

Alternativ til rotenon

BT har tidlegare omtalt at Direktoratet for naturforvaltning (DN), som eit siste forsøk på å knekke parasitten, ville prøve andre metodar enn rotenonbehandling, som ei mogeleg redning for villaksstammene i dei 42 elvene som er angrepne av den frykta parasitten.

No kan metallforsøka vise seg å bli gull verd.

For i Lærdal taper lokalsamfunnet millionar av kroner på tapt fiske kvar sesong.

Ifølgje Aftenposten vil NIVA setja inn metallkuren mot lakseparasitten i Nivla og Kuvella, begge sidevassdrag til Lærdalselva.

Oppsiktsvekkjande gode resultat med alumium/sink i forsøk i småskala er bakgrunnen for auka optimisme hjå elveeigarane.

Også lakselusa under lupa

— Så lenge laksen viser seg å overleve denne behandlinga, har metallet ingen dramatisk effekt på botndyr eller andre artar, seier Lydersen. Men villaksen strir også med lakselus. Det vil Norges Forskningsråd gjera noko med, og set i gang forskning i Sognefjorden og Altafjorden for 4,8 millionar kroner. Forskarane vil finne ut samanhengen mellom lus på oppdrettslaks og på vill-laksen, og eventuell smitteoverføring frå oppdretts- til villaks.