JOHN LINDEBOTTEN

Folk vil samla seg i byane og langs kysten. Indre strok vil oppleva sterk nedgang i folketalet.

Dette er nokre av dei viktigaste knaggane for arbeidet med ein Transportplan for Vestlandet. Arbeidet starta i går med eit møte i Bergen som vart leia av fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal. Det er han som er leiar i Vestlandsrådet dette halvåret, og det er Vestlandsrådet som har tinga planen.

Fram til 2015 er Vestlandsrådet sine prioriteringar for vegutbygging nokolunde klåre. Vel 10 milliardar kroner vil dei fire fylka byggja ned i asfalt og gule striper, gjennom fjell og over og under fjordar. Kyststamvegen, E 39, får det aller meste, og det vil han også få etter 2015.

Kor mykje vestlandsfylka får Stortinget med på til slutt, står att å sjå.

— I den nye Transportplanen for Vestlandet går vi ut over 2015. Målet er å skapa eit heilskapsbilete av behova for det framtidige Vestlandet. I dette arbeidet vil vi og ha aktørane frå næringslivet med, dei som nyttar transportvegane. Det vi kjem fram til, skal vi så spela inn til sentrale styresmakter, seier Nils R. Sandal til Bergens Tidende.