— Det har den siste tida vore mykje merksemd rundt dei mange overdosene. Eg er i tvil om dette berre er fornuftig. Overdose-dødsfall er sjølvsagt tragisk og trist. Samtidig er det berre gjennom behandling og førebyggjande arbeid at vi i lengda kan unngå overdoser, seier byråd Kristin Ravnanger (KrF).Dei mange overdosene gjorde at byrådet i fjor haust sette ned ei aksjonsgruppe, der både politikarar, politi, ambulansetenesta, fengselsvesenet, fylkeskommunen, Utekontakten, Stiftelsen Bergensklinikkene, Kirkens Bymisjon og Landsforeningen mot stoffmisbruk deltok. Satsar på aktivitet Målet var å koordinere innsatsen, og eit par grep er tatt:* Det er laga ein oversikt over kvar overdose-offer kan køyrast etter at dei er berga.* Ved utskriving frå fengsel eller institusjon får brukarane informasjon om korleis kroppen reagerer på narkotika når dei har vore utan stoff ein periode.* Helse- og dagtilbudet i Strax-huset skal styrkast. Det blir også satsa vidare på å lære dei narkomane førstehjelp ved overdoser. Ravnanger har særleg tru på ordningar der misbrukarane blir aktivisert. Opplegg der dei kan få opplæring og arbeide sjølv om dei er rusa, står øvst på ønskelista.- Sjølv om dei er etablerte misbrukarar, er dei ikkje heilt nedsløva alltid. Det er viktig å gje dei tru på seg sjølve og vise at dei kan utvikle seg, seier Ravnanger. Ho ser også fram til at det skal etablerast to-tre nye kollektiv for rusmisbrukarar, der dei både skal bu og få tilsyn. Bydelane engasjert - Men kvifor er dødsstatistikken så stygg? Kvar har slått feil? - Kanskje har ikkje metodane våre vore gode nok, kanskje må det tenkjast nytt. Samtidig er det vanskeleg å vite effekten av det forebyggande arbeidet som er gjort - vi veit ikkje korleis det hadde sett ut utan alt arbeidet som er lagt ned, seier Ravnanger, som også gler seg over at bydelane nettopp har søkt om midlar til førebyggjande prosjekt for ti millionar kroner.- Dette viser at problemet blir tatt på alvor, seier byråd Ravnanger.