Berre i Stedjeberget var rasfaren om lag på same nivå, med færre men større ras. Sidan Stedjebergtunnelen vart opna i mai, har Fatlaberget trona åleine på toppen av denne dystre statistikken.

I tillegg til gjennomsnittleg 20 registrerte steinsprang i året, kjem eit ukjent tal uregistrerte. Steinar som blir sparka ned i grøfta av bilistar før Vegstellet får registrert dei.

Distriktsvegsjef Nils Magne Slinde seier det er svært trist at ein bilist miste livet før Fatlabergtunnelen vart ferdig.

I 70 år har ein vore heldig, men så hende ulykka eitt år før vegen får avløysing.

Trafikken har auka dei siste åra. Det er tettare mellom bilane, og større sjanse for at ein bil blir treft, påpeikar Slinde.

Vegen vart opna att etter fire timar.

— Han er no så trygg som han har vore, og som han kan bli før tunnelen kjem. Men det er ingen garanti mot fleire steinsprang, seier geolog Svein Helge Frekaland.