TERJE ULVEDAL

Scenen er henta frå ferjekaia på Nordeide i Høyanger måndag ettermiddag. Alle vegar mellom Sunnfjord og Sogn er sperra av ras. Fylkesbaatane har sett opp kriserute frå Nordeide til Balestrand og Hella, ein tur på kring to timar. Det hopar seg raskt opp på kaia, og tidleg er det klart at langt frå alle vil kome med ferja som skal gå klokka 16. Neste avgang er planlagt klokka 20.

— Eg ville vere ute i god tid, og kom to timar før avgang. Vi fekk beskjed om at det ikkje ville bli plass. Eg kvidde meg til seks timar venting med tre ungar i bilen. Då kom ein av hjelpemannskapa på kaia, og fortalde at det stod ein tom biltrailer i køen. Sjåføren hadde tilbydd seg å laste opp traileren. Det var berre så flott gjort, seier Anne Britt Skjerven frå Hafslo. Ho var mellom dei heldige som slapp å vente fire ekstra timar på neste ferje.

Ikkje noko å snakke om

— Er dette noko å snakke om då? Alle hadde vel gjort det same, seier trailersjåfør Per Arne Lundekvam til Bergens Tidende.

Sjåføren frå Lunde i Gaular køyrer for Sygna Transport i heimkommunen. Han skulle til Oslo for å hente bilar, men ras og uvêr søndag kveld stengde alle vanlege vegar austover. Sjølv hadde han venta på kriseferja i fleire timar måndag.

— Eigentleg starta det som ein spøk. Ein kar frå vegvesenet var på kaia, eg trur han hjelpte til med å administrere køen. Han sa at du får laste opp bilen, så blir det i alle fall nokre fleire som kjem med. Eg svarde at det var OK, men at han i så fall fekk gå rundt og organisere. Han tok oppgåva på strak arm, og ferjemannskapet sa det var greitt. Så akkurat denne hendinga skal både vegvesenet og Fylkesbaatane ha sin del av æra for, seier Lundekvam.

— Men det er vel ikkje akkurat vanleg å gjere slikt?

— Nei, det er det ikkje. Men eg har gjort det før. Det var i Lærdal, også den gongen var det kriserute på grunn av vegstenging. Slik forholda var, trur eg dette er noko dei fleste ville gjort. Men det er sjølvsagt kjekt at folk set pris på det, seier Lundekvam.

Køyrde ti timar

Og ei som i alle fall verdsette tiltaket på Nordeidekaia, var Anne Britt Skjerven. Dagen før hadde ho køyrt ti timar med ungane på 4, 6 og 14 år i bilen. Skjerven hadde vore på helgebesøk til familien i Florø, og skulle heim att søndag.

— Eg køyrde først mot Kjøsnesfjorden. Så blei det stengt der. Då snudde eg og køyrde til Høyanger. Så blei det stengt i Lånefjorden. Då var det å snu igjen, og køyre i retning Gaularfjellet. Men så blei også fjellet stengt, fortel Skjerven.

Nesten ti timar etter at dei sette seg i bilen, enda Skjerven og ungane opp der dei starta. Hos familien i Florø.

Måndag ville dei vere tidleg ute for å kome med kriseferja frå Nordeide, men straks Skjerven kom til ferjekaia, skjønte ho at det ville bli vanskeleg å kome med.

— Eg såg verkeleg ikkje fram til seks timar venting på kaia med tre ungar i bilen. Dei to minste var skikkeleg leie, ikkje minst etter den endelause turen vi hadde hatt dagen før. Sjåføren tok alt arbeidet med å laste opp bilane, og få dei av att då vi kom fram. Og han ville ikkje ha ei krone for det. Han fortener verkeleg ros, seier Skjerven.

FULL BIL: Ferjepassasjer Anne Britt Skjerven var så nøgd med ekstraservicen at ho foreviga den fulle traileren med mobilkameraet sitt.