KJERSTI MJØR

Helse Vest står sjølv bak den såkalla omdømmemålinga, som skal leggast fram på styremøtet i Stavanger i dag.

I november svarte politikarar, helsestyresmakter, brukarar og media på eit elektronisk spørjeskjema om omdømmet til det regionale helseføretaket. Dei 190 deltakarane fekk spørsmål om kjennskap til og kunnskap om helsereforma, oppfatningar av Helse Vest og om tilgangen på informasjon.

Geografisk kom dei mest negative svara frå Helse Førde. Men undersøkinga fortel ikkje kvifor.

— Overraskande dårleg

— Ei forklaring kan vere at Helse Førde har vore gjennom nokre omstillingsprosessar, som er blitt oppfatta som vanskelege av folk som har svart på spørsmåla, seier informasjonsdirektør Bjørg Sandal til BT.

Jamt over er det fylka og media som gir Helse Vest lågast karakter. Dei kritiske meiner blant anna at det er ganske eller svært vanskeleg å skaffe seg innsyn i saker og dokument i Helse Vest, samt få tak i innkallingar, saksdokument og protokollar i samband med styremøte.

— Dette er ei overraskande dårleg tilbakemelding, når vi veit at alle desse dokumenta er tilgjengelege på nettet i god tid før styremøta, seier Sandal.

— Synest du at kritikken er urettferdig?

— Nei, så langt vil eg ikkje gå. Vi må prøve å bli endå klarare når vi fortel at informasjonen er tilgjengeleg, og vise kor folk kan få tak i den.

Stempla som «lukka»

Fram til i fjor haust heldt Helse Vest styremøte bak lukka dører, og i den tunge, offentlege debatten fekk helseføretaket merkelappen «lukka». Sandal utelet ikkje at dette negative fokuset framleis pregar folk sine oppfatningar.

Undersøkinga, som vart utført i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland, viste også at media er den viktigaste informasjonskjelda for deltakarane. Heile 76 prosent svarar at dei får mesteparten av informasjonen om Helse Vest frå det haldet.

— Målinga er eit øyeblikksbilete, som Helse Vest ønskjer å gjennomføre kvart år for å undersøkje om vi utviklar oss i riktig retning, seier Sandal til BT.