• No må eg få lada heisen, seier 43-åringen.

Merete Tisthamar er råka av sjukdomen Multippel Sklerose (MS) og bur i grenda Tistam i Stryn. Straumen forsvann då uvêret starta ved 16-tida 1. juledag. Det same gjorde telefonsambandet. Ho er avhengig av elektrisk rullestol for å kunne bevege seg.

— Eg klarer meg. Men det er frykteleg tungvint alt saman, seier 43-åringen.

Avhengig av hjelp

Trappeheisen og rullestolen er det som gjer at ho kan fungere i heimen, at ho kjem seg eksempelvis på toalettet og i seng om kvelden. Batteria i begge hennar hjelpemiddel treng no å ladast.

— No må eg få lada heisen, elles kjem eg meg ikkje opp trappa fleire gonger. Her ein dag stoppa den midt i trappa på veg ned. Eg måtte gli ut av stolen og ake meg ned dei siste meterane, seier ho.

Sidan den gongen har ho fått lada batteria ved hjelp av straum frå aggregat. Det håpar ho kan skje igjen, eller aller best: Få straumen tilbake i huset!

Hardt råka

Men stormen Dagmar gjekk hardt ut over infrastrukturen i Stryn kommune. Fredag ettermiddag var framleis grendelaga Flo, Oldedalen og Tistam utan ordinær straumforsyning. Statsrådane Liv Signe Navarsete og Magnhild Meltveit Kleppa vitja i går Flo og Oldedalen.

På Tistam lever dei i lyset frå stearinlys på sjette døgnet, og føler at kontakten med og oppfølginga frå omverda har vore minimal.

Ingen frå kommunen eller Røde Kors har vore her på døra hjå oss. Merete Tisthama

— Ingen frå kommunen eller Røde Kors har vore her på døra hjå oss. Røde Kors har vore i bygda, men dei har ikkje gått frå dør til dør slik det har vore hevda, seier Merete Tisthamar.

Ho klarer seg takka vere hjelp frå mannen og dei to vaksne sønene som er heime no i jula. Ho er ikkje spesielt glad for korleis det ser ut i huset når BT kjem på besøk.

— Det er så vanskeleg for meg å rydde, og støvsugaren... ja, de skjønar sikkert, seier ho med eit smil.

Varmen får ho frå vedomnen, medan det vanskelegaste er lyset. Eller rettare sagt mørkret. Ho treng begge hendene når ho skal gjere ting, og hovudlykt fungerer ikkje til alle naudsynte daglege gjeremål.

Kritisk til rydding

Over vegen bur ekteparet Sverre og Marta E. Tisthamar, begge blant bygdas eldste med sine 87 og 81 år. Huset deira er iskaldt, bortsett frå to rom. For i stova og på kjøkenet er det til gjengjeld svært så god temperatur.

Begge fortel om strevsame dagar og total uvisse om når straum og telefon skal fungere normalt. Ingen av dei kjører bil, men dei har hatt god kontakt med naboane i grenda.

— Men det er no ei skam at ikkje energiselskapa har hogd vekk skog langs linjene sine. Det burde vel vere normal rutine år om anna, seier Marta.

Dei prisar seg lukkelege for at dei er friske og førlege i denne situasjonen, og har nok av ved og stearinlys å tære på.

Og i eit hjørne på det elles heilt moderne kjøkenet står vidunderet som har redda både varme og attpåtil brødbakst: Ein emaljert, vedfyrt komfyr av typen Laksevaag No 188.

Mannskapa i Stryn Energi har jobba på spreng heile romjula, og fekk fredag forsterkningar i form av montørar frå energiselskap i Mandal og Oslo. Tallause linjemeter skal ryddast, nye stolpepunkt må etablerast i rasområda.

— Det har vore ein samanhengande arbeidsdag sidan første juledag, seier energisjef Jan Træen i Stryn Energi. - Inn til Flo manglar vi fleire stolpepunkt, i Lodalen og Oldedalen er det mykje arbeid igjen.

KLARER SEG: Sverre (87) og Marta E. Tisthamar (81) har berre fått tilbake delvis telefonkontakt med omverda, men har framleis ingen straum på sjette døgnet. Ingen av dei to kjører bil.