EYSTEIN RØSSUM

— Han var nett tatt til å spire, seier Vidar Sælen og ser på hekken utanfor huset sitt. Hekken er velstelt - bortsett frå at det står ein svart Mercedes-Benz 260 SE, 1986-modell, midt oppi.

— Eg lurer jo på korleis eg skal få flytta han, utan å øydeleggje bilen enda meir, seier 40-åringen.

Omtrent der hekken sluttar og innkjørselen til Sælens garasje byrjar, ligg tre svære steinar. Å kome forbi med bil er ikkje å tenkje på. Også steinane er det naboen som har plassert der, med gravemaskin.

Bustadutbygging

Nabostriden tok så smått til i januar, då Sælen vart kjent med at nabo Kent Ivar Mjølkeråen (31) hadde seld tomteland til nye bustader nedanfor huset hans.

— Eg fekk klar beskjed av Mjølkeråen om at han ville ta frå meg vegretten dersom eg protesterte mot utbygginga, seier Sælen.

Nordsjøarbeidaren hadde ikkje sans for argumentasjonen, i og med at han på eit tinglyst skøyte er tilkjent vegrett. Så då nabovarselet for utbygginga kom, protesterte han både på den planlagde hushøgda, på kloakkløysinga og på at den kommunale vegen fram til husa var i smalaste laget.

Steinar i oppkjørselen

Då Sælen kom heim frå Nordsjøen sist veke, var gravearbeida på byggjetomta i full gang. Han bad då entreprenøren om ikkje å køyre med lastebilar inn på eigedommen hans. Det fall i dårleg jord hos tomteseljar Kent Ivar Mjølkeråen.

— Han kom her fredag ettermiddag, starta opp gravemaskinen og la fleire svære steinar i oppkjørselen min. Eg gjekk ut og sa at han ikkje kunne gjere slikt. Då fauk han på meg og sparka beina unna meg, fortel Sælen.

Nordsjøarbeidaren ringde politiet, som kom og prøvde å mekle. Det enda med at steinane vart flytta, slik at Sælen fekk ut bilen frå garasjen, før dei atter vart lagt på plass i oppkjørselen.

- Han kom durande

Men det var dagen etter at alt toppa seg. Sælen hadde fått lånt ein bil av ein kamerat, Magnar Fagerheim, som også var på besøk. Bilen stod i vegkanten utanfor Sælens hekk, fordi oppkjørselen var sperra.

— Mjølkeråen ringde og klaga på parkeringa. Vi kontakta politiet igjen, og vart samde om å flytte den eine bilen, fortel Sælen.

Ei lita stund etter høyrde dei to kameratane motorlydar.

— «No skjer det noko», sa eg og sprang bort i stoveglaset. Då såg eg han kome durande med gaffeltrucken. Eg heiv meg på telefonen til politiet. Før Magnar kom seg ut, var trucken forsvunne og bilen stod slik som dette. Han må ha vore frykteleg kjapp, seier Sælen.

Lensmannen kritisk

I går melde han naboen til politiet for skadeverk og valdsbruk.

— Det er heilt vilt. Eg har halde døra låst heile helga, eg er redd kva han kan finne på, seier Sælen, som meiner politiet burde ordna opp før krangelen gjekk så langt.

Også Magnar Fagerheim vil i dag melde Mjølkeråen for skadeverk på bilen.

— Eg veit ikkje kor mykje han er øydelagt. Han har fått ein smell i døra, men eg er mest spent på korleis det ser ut under, seier Fagerheim.

Sælen kontakta i går også advokat Ole Reinert Berg-Olsen.

— Noko slikt har eg aldri før vore borti, seier Berg-Olsen.

Han vil i dag gå rettens veg for å få pålegge gaffeltruck-eigaren å fjerne både steinane og bilen i hekken.

— Det han har gjort er sjølvtekt og straffbart, seier Berg-Olsen. Lensmann Rasmus Dalen har heller ikkje sans for bruk av truck for å løyse nabokranglar.

— Dette er reint skadeverk, slik eg ser det. Striden om vegen er ein sivil tvist og ikkje ei politisak. Men det går ikkje an å ta seg til rette, slik som med denne bilen i hekken, seier lensmannen, som vil etterforske saka på vanleg måte.