LENA VERMEDAL

Bassrøystene var merkbare under oppropet i auditoriet på Rommetveit i går.

Mannlege sjukepleiarar har tradisjonelt vore eit særsyn, men no blir det fleire av dei. 15 av 96 sjukepleiarstudentar ved HSH på Rommetveit er menn.

— Eg var bekymra for at det skulle vera få gutar på studiet. Det var ei lette å sjå at me var såpass mange, seier 21 år gamle Kjell Magne Røed frå Fitjar.

Saman med Torbjørn Rognsøy frå Bergen og Asle Teigen frå Kvinnherad er han blant studentane som gler seg til å ta det nye sjukepleiarbygget på Rommetveit i bruk.

Søkjer dramatikk og ansvar

Sjukepleiarspirene veit kva dei vil med utdanninga si.

— Eg har som mål å bli redningsmann på helikopter, kjem det kontant frå Torbjørn.

— Eg har jobba som hjelpepleiar i fleire år, men fekk ikkje vera med på den heilskaplege behandlinga. Som sjukepleiar får du meir ansvar, seier Asle.

— Eg vil bli psykiatrisk sjukepleiar, seier Kjell Magne Røed.

— Søkjer de spenning gjennom yrket?

— Det er klart at med denne utdanninga er ein kapabel til å vera med og redda liv i dramatiske situasjonar, seier Asle.

— Har de fått reaksjonar på valet av studie?

— Eg har nokre kompisar i tømraryrket som har reagert litt, men for meg gir det ei god kjensle å hjelpa menneske, seier Torbjørn.

Internasjonalt hjelpearbeid

Akuttmedisin og internasjonalt hjelpearbeid lokkar fleire mannlege studentar til yrket, trur Gunn Haraldseid, studieansvarleg for sjukepleiarutdanninga ved HSH avdeling Stord.

— Mi erfaring er at ein stor del av gutane har jobba innanfor Raude Kross eller som ambulansesjåførar. Dei har ei dragning mot akuttmedisin og dramatiske situasjonar ein kan koma bort i som sjukepleiar, seier Haraldseid.

Også ved HSH avdeling Haugesund skapar no menn meir balanse på kjønnsstatistikken. 18 av 105 sjukepleiarstudentar er menn. Ei markert auke frå tidlegare år, og ei dobling av fjorårstala, melder nettstaden HSH.no.

— Vi er sjølvsagt veldig glad for dette. Størst muleg likskap mellom kjønna er viktig for studiemiljøet og på arbeidsplassane, seier Gunn Haraldseid.

Ved Høgskolen i Sogn og Fjordane har dei ikkje merka liknande tilstrøyming frå mannlege søkjarar til sjukepleia.

— Talet har vore stabilt mellom 13 og 15 prosent dei siste tre åra, opplyser opptaksleiar Einar Walstad.

Talet held seg også stabilt i Bergen.

— Vi har 21 menn i år mot 22 i fjor av totalt 158 studentar, seier Kari Lorentz, utdanningsdirektør ved Høgskolen i Bergen.

GODT SELSKAP: - Det er ein fordel for miljøet at me blir fleire gutar på sjukepleiarstudiet, seier (frå venstre) Torbjørn Rognsøy (27), Kjell Magne Røed (21) og Asle Teigen (40). Talet på mannlege sjukepleiarstudentar ved Høgskolen Stord/Haugesund er dobla sidan i fjor.<br/> FOTO: LENA VERMEDAL