— Ho er så flink til det, seier John Dvergsdal (52) om kona Lisbeth (49) som ordnar med blomster til julebesøket, medan han ventar i bilen.

Siste laurdagen før jul er samanfallande med den største shoppingdagen i året og den første snødagen i Bergen i vinter. BT er ute for å verifisere påstanden om at påfallande mange menn sit der ute og ventar. Rett opp og ned sit dei. Med det største tolmod, i kalde bilar, på parkeringsplassar utanfor kjøpesentra. Dei pustar ut og dei pustar inn, medan det doggar på innsida og snøar på utsida av frontruta, og damene handlar og handlar.

I innspurten

— Jo, det stemmer nok, det. Eg ventar på kona, svarer John Dvergsdal (52), som venleg rullar ned ruta. Bilen står utanfor Plantasjen i Åsane.

— Vi har handla matvarer på Gullgruven og skal berre ha blomster å ta med i besøk i kveld. Så er det berre juletreet igjen.

— Er du sjåfør, eller er du med på handling òg?

— Blomster overlet eg til kona. Men maten var eg med på.

— Det tek ikkje lang tid, då?

— Naaeei, det går i grunnen veldig greitt. Vi stod opp mellom sju og åtte, og kom oss tidleg ut. Seinare i dag blir det nok verre, med masse folk overalt.

— Er du flink til å vente?

— Eg er blitt så gammal no.... he, he ... eg var nok meir utolmodig før, ja.

Har venta heile livet

Ved Gullgruven ser vi akkurat det same. Skuggar av menn bak rimete bilruter. Vi vinkar og får kontakt.

— Det er ein del menn som ventar i bilen i dag?

— Ja, vi har vel venta heile livet …. seier Svein Waage (70) med påfallande alvor før smilet breier seg i andletet.

— Er du sjåfør i dag?

— Ja, eg er jo det, men ikkje berre.

Den siste julegåva, som blei kjøpt inn i dag, plukka Waage ut sjølv, fordi det var «noko teknologisk».

— Ein harddisk. Til dottera, forklarer han.

Og det kan eg berre skrive, for ho har ønska seg den.

— Du synest ikkje at ønskelistene ber litt preg av bestilling?

Nei, Svein Waage synest det er heilt fint at det er noko som trengst, men seier også at det kan bli siste året med gåver til vaksne.

— Siste året?

— Ja. Men er ikkje så sikker, og det er vel ikkje eg som er sjefen for det der.

- Må eg svare på det?

Frode Tufteland (39) er også strålande nøgd med kona si i julestria.

— Eg reknar med at alt er under kontroll, seier han med eit litt skrått glis mot henne.

Han tar seg av ventinga, og så lenge Gjermund (2 1/2) og Torstein (6 ½) har noko å bruke tida til, går det heilt greitt. Og «fruen» shoppar. Ho er flinkast til det, forklarer han.

— Kva med deg, då. Likar du betre å vente enn å handle?

— Er eg nøydd til å svare på det?, spør han med eit breitt smil som svar.

- Eg tar Polet!

Det såg visst berre ut som om Helge Skjerven (48) også venta. Det er i alle fall det han vil ha oss til å tru. Og så sat han der og snakka i telefonen, for å få siste instruksar før han gjekk for å handle på Polet.

— Vi har heilt klare oppdrag, og fordeler oppgåvene. Eg tar Polet. Så den biten tar eg meg av. Vi diskuterer litt først, og så får eg frie tøyler, seier Skjerven.

— Så der bestemmer du ...?

— Nei, nei, nei!

Vi må berre ikkje tru at han dermed er i heilt fri dressur, seier han og ler.

— Elles då? Deler de på alle oppgåver?

— Det blir gjerne mest på hon. Og no var ho sliten, fortel Skjerven.

Derfor skal dei møtes til ein kopp varm sjokolade for å avrunde julehandelen.

— Det høyrest jo kjekt ut.

— Ja, det er veldig kjekt.

— Ikkje noko stress?

— Ikkje noko stress! Ja, ja. For henne er det jo det ...

Det ringjer.

— Nei ... eg er nesten ved Polet. Ja. Nei, du skjønner, eg snakkar med Bergens Tidende no. Nei, eg trur ikkje det. Greitt det. Ha det.

Korleis blir julehandelen løyst i din familie? Skriv gjerne en kommentar.

VENTETID II: Medan kona ordnar blomster til julebesøk, slappar John Dvergsdal av utanfor Plantasjen. Tolmod kjem med alder og modning, meiner han.
Paul S. Amundsen
VENTETID III: Svein Waage synest kona er flink som bakar med barneborna og gir vekk kransekake til jul. No er ho berre inne på Gullgruven for å handle mat.
Paul S. Amundsen
VENTETID IV: Helge Skjerven ventar eigentleg ikkje, han berre snakkar litt i telefonen, ved Åsane Senter.
Paul S. Amundsen