Skjerjehamn kjem til å vere pynta til storfest 4. august, då teppet fell av den omstridde statuen til Knut Steen.

Gulen kommune og statue-general Ola Braanaas inviterte kongefamilien med på laget.

— Eg håpar verkeleg at kongefamilien har høve til å kome, sa Braanaas til bt.no då Knut Steen valde sognekommunen som endestasjon for statuen sin.

Nå har svaret kome frå Slottet. Og det er eit avslag på blant papir, ifølgje Firda.

Etter at Oslo refuserte monumentet, har ein rekke plassar signalisert si interesse for granittstatuen. Til slutt stod valet mellom Marstein i Austevoll og Skjerjehamn i Gulen.

Knut Steen er blant våre mest kjende nolevande bilethoggarar, med verk som Olav Kyrremonumentet, statuen av Shetlands-Larsen og kvalfangstmonumentet i Sandefjord på merittlista.

Young, Dan