Jølster er kjerringa mot straumen. Kommunen trossar statsråden, og aukar foreldrebetalinga for barnehageplassar med 200 kroner frå 1. august. For eit barn over tre år er prisen no 3000 kroner månaden, mens for dei yngste kostar heildagsplass 3200 kroner.

— Dette vedtaket gjorde vi i vår. Eg kan ikkje sjå at det er grunnlag for å gjere endringar. Likevel reknar eg med at spørsmålet kjem til å bli vurdert på nytt, seier rådmann Jostein By til BT.

- Byrjer å bli lei

Han er svært kritisk til utspelet frå Dåvøy om stopp i utbetaling av barnehagetilskot til kommunar som ikkje reduserer foreldrebetalinga.

— Vi nærmar oss ei grense no. Kommunane byrjer å bli leie detaljstyring frå statlege organ. Dersom det er slik at staten ønskjer å tilgodesjå økonomien til småbarnsfamiliane, burde dei sørgje for at det skjer direkte : Gjennom skattelette eller barnetrygd, meiner rådmannen.

Det ekstra tilskotet til barnehagane i Jølster utgjer 33.000 kroner. Pengane er ikkje inne i kommunebudsjettet enno.

— Dersom vi fekk bruke desse pengane til kva vi ville, er det nok av gode føremål i barnehagesektoren. Dersom det er slik at staten seier at vi berre kan bruke dei til eitt føremål, kan det hende vi ber staten om å ta pengane tilbake, seier Bye.

Nok er nok

— Kva ville Jølster ha å tene på det?

— Det ville vere ei markering av at statens detaljstyring har gått langt nok. Dersom regjeringa absolutt vil styrkje økonomien til småbarnsfamiliane, burde den gjere det på andre måte, seier By.

— Nok er nok?

— Ja.

Svarar By, og understrekar at saka ikkje er politisk behandla.