— Nei, det har ikkje vist igjen på handelen så langt. Men vi må innsjå at 2009 kan bli eit vanskeleg år, seier senterleiar Geir Jacobsen i Husnes Storsenter.

200 millionar kroner er investert i det samanbygde og utvida kjøpesenteret. Nær 60 forretningar med ein forventa årsomsetnad på 500 millionar kroner.

  • Det er ikkje positivt i det heile det som no skjer med Søral. Men dei fleste har likevel inntektene sine. Det har vist seg at detaljhandelen står seg godt gjennom krisetider, seier Jacobsen.

Storsenteret ligg ei hall-lengde bortanfor Søral, og står ferdig først til sommaren. 1. juni skal etter planen den store utandørsutsmykkinga til kunstnaren Kjell Nupen innviast. Det blir rennande vatn, keramikk og ei 4,2 meter høg leirkrukke, blant anna.

— Senteret og utsmykkinga blir fullført som planlagt. Vi hadde ein enormt bra julehandel, januarhandelen viste óg solid auke, seier senterleiar Geir Jacobsen.