PER MARIFJÆREN

I dag er det gått nøyaktig sju veker sidan nokon såg Roman Cernohlavek.

Ingen veit kva som har skjedd med den 19-årige friluftsturisten etter at han laurdag 24. juli i år forlét dei andre i reisefølgjet for å gå ein tur i fjellheimen i Masfjorden på eiga hand.

Skulle møtast igjen

Det var formiddag da Roman tok farvel og starta turen frå Haugsvær, opp ein skogsti i nordaustleg retning. Avtalen var å møtast på same plass neste dag.

Dette var siste kontakten gruppa hadde med Roman. Etter dette kom ingen svar på SMS eller oppringing, berre ei automatstemme som fortalde at telefonen var utanfor rekkjevidd. Da Roman ikkje dukka opp som avtalt søndag, la reisefølgjet igjen ei melding på bensinstasjonen på Haugsvær og reiste vidare mot Bergen som planlagt.

Måndagen venta følgjet fånyttes på Roman i Bergen, og tysdag melde dei han sakna på lensmannskontoret i Eidfjord.

Dette førte til at leiteaksjonen vart sett i gang tysdag ettermiddag og kveld i fjellområda han skulle gå i Masfjorden.

Stansa leiteaksjon

Vitne meinte å ha sett Roman søndag nede ved Vågset sag i Masfjorden og ikkje minst måndag, i Briksdalen. Straks politiet fekk desse opplysningane, rekna dei med at Roman ville dukke opp igjen, og avblåste leiteaksjonen tysdag kveld.

«Bortkastet helikoptersøk», melde Bergens Tidende på førstesida dagen etter, og Masfjord-lensmann Magnus Stub Nilsen karakteriserte aksjonen som «frustrerande og utruleg dyrt» overfor avisa.

Spørsmålet i ettertid er om det verkeleg var Roman som vart observert.

Foreldra meiner den første observasjonen har vore av Roman, men tvilar sterkt på nummer to, den i Briksdalen.

Sidan har det vore heilt stille i saka rundt den 19 år gamle Roman Cernohlavek.

Har eit inderleg håp

Den tsjekkiske byen Pardubice har rundt 90.000 innbyggjarar og ligg ti mil aust for hovudstaden Praha. Her lever Romans familie og vener i uvisse rundt kva som har skjedd med den friske og friluftsinteresserte ungdommen.

Foreldra bur i ei lågblokk i utkanten av byen, og tek imot oss saman med ein del av ungdommane som var med på den fatale norgesturen i sommar.

Dei er alle svært skuffa over innsatsen politiet la ned for å finne Roman, og meiner at meir kunne vore gjort i dei kritiske dagane etter at han vart meld sakna.

— Vi har hatt ei forferdeleg tid. Vi føler oss heilt hjelpelause, og har fått svært lite informasjon, fortel Romans mor, Alzbeta, tydeleg prega av det familien har vore gjennom.

Ved sida av henne sit mannen, Roman Cernohlavek senior. Elles er Romans 11 år gamle veslesøster Lenka til stades i stova, samt Martina Bromova som var Romans kjærast i halvtanna år og også med på turen til Norge.

— Det er jo heilt uråd å seie kva som har skjedd, men vi håpar jo inderleg at han er i live, seier mora.

— Han kan til dømes ha støytt på nokon, kanskje ei religiøs sekt eller noko.

Kritisk til politiet

Familien føler at langt meir kunne vore gjort dei første dagane. Særleg er dei bitre på at politiet festa så stor lit til vitneobservasjonen ved Briksdalsbreen.

Der tok eit ektepar frå Bergen med ein haikar politiet meiner var Roman opp til breen. Dette var dagen etter at Roman ikkje dukka opp som avtalt. Opplysninga førte til at leiteaksjonen og helikoptersøket i Masfjorden fekk ein brå slutt.

— Når vi no har lese politirapporten, ser vi at det er fleire ting som ikkje stemmer der. Blant anna hadde denne haikaren eit ekstra par sko hengande utanpå ryggsekken. Vår Roman hadde berre eitt par sko med seg, fortel faren.

— Briksdalen var dessutan stikk i strid med dei vidare planane for turen, og Roman hadde ikkje meir enn 30 kroner på seg.

Vitne såg ikkje foto

Faren er også kritisk til at politiet ikkje har vist vitne bilete av Roman, slik at dei raskt kunne avklart om det verkeleg var rette personen dei hadde sett - for eksempel i Briksdalen.

— Vi hadde med oss digitalt fotoutstyr med mange ferske bilete av Roman, men politiet sa at dei ikkje hadde utstyr til å få bileta ut der og da, forklarer turdeltakar Martina Bromova.

— Det var midt i juli at den tsjekkiske gruppa på åtte, i alderen 16 til 26 år, la ut på norgesturen med ein minibuss. Dei hadde med syklar, og skulle ha friluftsferie i norsk natur.

Fram til Roman forsvann, hadde dei hatt ein strålande tur utan spesielle problem.

- Føler oss svikta

Dei andre i turfølgjet skildrar Roman som ein intelligent, glad og stundom impulsiv ungdom. Han var vant til friluftsliv og i god fysisk form.

Roman hadde også planane klare etter ferien - han hadde fått plass på arkitekturstudium på ein høgskule i heimlandet.

I eit husvære i Pardubice sit ekteparet Alzbeta Cernohlavkova og Roman Cernohlavek og ventar på nytt frå Interpol. Dei manglar ein son. Alzbeta ser på oss med auge raude av gråt.

— Vi føler oss svikta. For eg håpar, eg trur at han kan vere i live, seier ho.

SAKNA: Roman Cernohlavek
FORFERDELIG TID: - Vi har hatt en forferdelig tid, og har fått svært lite informasjon. Det sier barnas mor, Alberta. Til venstre veslesyster Lenka på 11 år.
DEN SISTE MELDINGA: Faren har den enno på mobilen sin. Meldinga signaliserer ikkje noko unormalt, berre ei helsing heim med litt opplysningar om kor dei er og liknande.
MAKTESLAUSE: Tsjekkiske Alzbeta og mannen Roman senior fekk ikkje heim sonen som var på ferie på Vestlandet i sommar. Ingen veit kva som kan ha skjedd den friluftsinteresserte 19-åringen. - Hjelp oss å finne Roman, ber ekteparet.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH