Målhøvdingane Sylfest Lomheim og Ola Breivega er sterkt usamde i sine analysar av nynorsk-stoda under 100-årsfeiringa til Stord Mållag denne helga.

Samnorskmann og 1.amanuensis Lomheim meiner bokmålet no er meir utsett enn nynorsken, og rår til ein tettare allianse mellom dei to språka for å stå imot engelsken. Den gamle universitetslektoren i fransk i Bergen, Ola Breivega, leiar i Noreg Mållag 1975-1977, vil at eit normert nynorsk talemål skal avløysa dialektanarkiet.

Analfabetar utan nynorsk?

— Kvifor skal folk måtta lesa nynorske blad og bøker for å møta dei nynorske orda? Skal det ikkje vera mogeleg for analfabetar å koma i kontakt med nynorsk? spurde Ola Breivega i eit føredrag fredag kveld. Han vil at fleire skal tala «rein» nynorsk i radio og fjernsyn.

— Det blir tala for lite og for dårleg nynorsk i radio og fjernsyn. Medarbeidarar med lytefri nynorsk kan teljast på ei eller to hender.

— Boteråda er innskjerping av krava og meir opplæring. Tenk om berre ti prosent av den halve millionen nynorksbrukarar slo inn på nynorsk normaltalemål. For ei kraft! sa Ola Breivega. Som no bur på Sørlandet og driv eige språkkursfirma.

— I 1970-åra kom det store og øydeleggjande omslaget i synet på nynorsk normaltalemål. Eg veit at mange tvilte på meg som formannsemne i mållaget fordi eg nytta nynorsk som talemål. Nynorsk normaltalemål vart tabu i målrørsla, det var det naturlege talemålet som skulle opp og fram, sa Ola Breivega på Stord.

— Eg vart truleg noko paranoid av all motgongen. Men sigeren for målføra har ikkje hatt nokon påviseleg effekt på skriven nynorsk. Dei som ironiserte med «Snakk dialekt - skriv bokmål!» ser ut til å ha fått rett, sa Breivega.

- Nynorsken er styrkt

Sylfest Lomheim, språkekspert i NRK og 1.amanuensis ved Høgskolen i Agder, var i sitt føredrag meir pessimist på vegner av bokmålet enn for nynorsken.

— Når børs, bank og næringsliv meir og meir går over til engelsk som administrasjonsspråk, er det bokmålet som må ta støyten. På desse områda har ikkje nynorsken fått fotfeste. Nynorsken har bite seg fast i det åndelege; i litteraturen, salmeboka og i undervisninga, sa Sylfest Lomheim på gårsdagens målstemna.

— Ser eg 50-100 år farmover, trur eg norsk skriftspråk lever i beste velgåande. Eg trur heller ikkje nynorsken døyr. Men både nynorsk og bokmål vil sitja i same båten og ausa for livet for å halda seg flytande. Dei to må søkja saman, elles gir me avkall på felles styrke for å kunna overleva ved sida av engelsk, sa Lomheim, som vil ha språksaka på den politiske dagsorden.

— Me må få eit sterkt, profesjonelt og strategisk språkråd. Og me bør søkja den politiske alliansen som er best; Arbeidarpartiet, SV og sentrumspartia. Det er ikkje vedtak og tvang som betyr noko, men haldning. Gjennom utdanning må me gje dei unge ei positiv haldning til norsk, meiner Sylfest Lomheim.

Ifølgje Lomheim har nynorsken hatt oppsiktsvekkjande suksess dei siste tiåra. Talet på nynorskbrukarar har ikkje gått tilbake, slik mange spådde. Og nynorsk har overrisla bokmålvokabularet. Ord som løyve, søknad og endring var utenkjelege i bokmål for femti år sidan, men er vanlege i dag.

MÅLSPRIK: Den gamle mållagsleiaren Ola Breivega (t.h.) og Sylfest Lomheim hadde ulike syn på nynorsken sin suksess/fiasko under 100-årsfeiringa til Stord Mållag.