Kleppevik seier til Kystradioen at han fleire gonger den siste tida har røysta annleis enn resten av gruppa.

Han nemner striden om Stranda barnehage som eit døme på det.

Kleppevik meiner det er best for både partiet og han sjølv at han melder seg ut. Han meiner at han kanskje har eit litt meir pragmatisk syn på politiske saker enn resten av framstegspartigruppa.

Jan-Inge Kleppevik, som tidlegare også har representert Høgre i kommunestyret, vil heretter møta som uavhengig representant i formannskapet og kommunestyret.