Politiet i Fjordane har allereie gjennomført eit omfattande arbeid i saka, der fire personar no er sikta. Tre av desse vart pågripne i samband med ein razzia tidlegare denne månaden.

Etter kvart som politiet har gått inn i saka, meiner dei å ha avdekkja stadig fleire lovbrot.

— Det starta med at to personar politimelde sine eks-venner. Dei hevdar seg lurt for vel ein million kroner, seier politiadvokat Terje Gjertsen.

Ifølgje Gjertsen har dei to fornærma tatt opp kredittar som dei har satsa via to av mennene som no er sikta. Partane skal ha kjent kvarandre godt, og dei fornærma skal ha hatt tillit til at verdiane vart forsvarleg forvalta.

— Så viser det seg at dei har ikkje fått tilbake verdiane som var forespeila. Dei meiner det dreier seg om grovt bedrageri, seier politiadvokaten.

Tre av dei sikta sat fengsla i to døgn etter politirazziaen, medan den fjerde er blitt sikta i ettertid. Politiet skal ha gjort store dokumentbeslag, og ei gruppe på fem politifolk og revisorar arbeider no med saka. Også Kripos har hjelpt i saka.

Saka er knytt til eit firma i byggbransjen som ein av dei sikta er involvert i. Politiet meiner det knyter seg fleire ulovlege forhold til firmaet.

Utlendingslova

— Vi har inntil vidare sikta alle fire for brot på utlendingslova. Eit stort tal utanlandske arbeidarar skal ha jobba utan dei nødvendige løyva, seier Gjertsen til Bergens Tidende.

Såleis meiner politiet at det ligg langt meir i sakskomplekset enn berre ei politimelding frå dei to som meiner at dei er blitt lurt.

— Denne saka har utvikla seg, og den opphavlege politimeldinga kan vise seg å dra med seg fleire andre økokrim-saker, seier Gjertsen.

Dei sikta nektar alle straffeskuld, bortsett frå at ein av dei har erkjent brot på rekneskapsplikta.

Advokat Thor Anders Smith Hoen representerer ein av dei sikta, og seier til Bergens Tidende at han ikkje har fått detaljerte opplysningar om saka.

— Eg veit berre at min klient er sikta for brot på utlendingslova, men har det klare inntrykk at dette også dreier seg om heilt andre ting, seier Smith Hoen.