Den nye ordføraren i Meland, Nils Marton Aadland (H) er svært nøgd med vedtaket i fylkestinget.

Som den einaste av dei sju kommunane i Nordhordland stod Meland kommune hardt på at Nyborgtunnelen måtte med i bompengepakken som vart lagt fram for fylkestinget i går.

Dermed stod det 6 mot 1. Fylkesutvalet godtok for nokre dagar sidan dette som stor nok lokal oppslutnad om eit bompengeprosjekt.

I går vedtok fylkestinget at dette ikkje var god nok lokal oppslutnad.

Dermed må alle dei sju kommunane i Nordhordland gjera nye vedtak om bompengepakken. Då kan det henda at pakken som kjem attende til fylkestinget i mars 2008 liknar den som Meland kommune vil ha. Nye kommunestyre skal sjå på saka. Og i den største kommunen i regionen, Lindås, har nei-partiet Frp gått mykje fram, og stiller no med varaordføraren.

Garanti for tunnel

— Vert det slik at Lindås, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Modalen må koma Meland i møte for få til semje om Nordhordlandspakken?

— Eg trur det vert mogleg å få til ei anna innretning på pakken. Det avgjerande for oss er at vi får garanti frå Stortinget for Nyborgtunnelen, som er den viktigaste delen av vegpakken for Nordhordland. Slik det var no, kunne vi faktisk risikera å måtta betala bompengar både i 10 og 15 år utan at Nyborgtunnelen vert bygt.

— Det vi må krevja, er ein garanti frå Stortinget om Nyborgtunnelen når Nasjonal Transportplan vert handsama. Det betyr, etter mi meining, at fylkestinget neste gong må gjera vedtak med atterhald om Nyborgtunnelen, seier Nils Marton Aadland.

Press på Bergen

Eit anna punkt som er viktig for Meland, er at bompengar ikkje skal krevjast i Nyborgtunnelen før tunnelen vert teken i bruk. Pengar til å byggja for kan skaffast ved lån mot garanti i framtidige bompengar.

Aadland bed no alle dei andre kommunane i Nordhordland om å delta i dette arbeidet, slik at Nyborgtunnelen kjem på plass. Aadland understrekar og kor viktig det er å leggja press på Bergen kommune, slik at planprosessen omkring Nyborgtunnelen kjem i fart.

Støtte frå Lindås?

Mykje tyder på at Meland langt på veg kan få støtte for sitt syn frå Lindås. Den nye varaordføraren, Bjarte Vatnøy frå Frp, understrekar overfor BT at dei først og fremst er mot bompengar i det heile. Men også for dei er Nyborgtunnelen svært viktig å få fram så fort som råd.

— Vi kan gå med på bompengar i Nyborgtunnelen som eit enkeltprosjekt, men då med gratis omkøyring, seier han. Utan å vera for detaljert no, slår Vatnøy fast at bompengepakken som kjem attende til fylkestinget i mars ikkje vert lik den gamle.