— Eg oppdaga det heilt tilfeldig. Eg stod ikkje lenger som eigar av mitt eige hus. Det var verkeleg ubehageleg, seier Eli Haaheim Borgen om meklar-blemma.

Inntil denne veka levde pensjonisten i den tru at ho hadde alle papira i orden som rettmessig eigar av Skraneskogen 76, Søreidgrend: Ein toetasjes einebustad bygd i 1985, med buareal på ca. 250 kvadratmeter, på ei tomt på godt og vel eitt mål.

— Dette huset er stort sett det einaste eg eig her i verda, seier 69-åringen.

Mangla på sjølvmeldinga

Første signalet om at ikkje alt var som ho hadde trudd, kom med utkastet til sjølvmelding ho fekk tilsendt frå likningskontoret.

— Der var ikkje lenger huset oppført. Eg tykte det var rart, og skreiv på eigedommen sjølv, seier Haaheim Borgen.

Så, i førre veke, fekk ho to brev frå kemneren i Bergen om betaling av eigedomsavgifter. Gatenummeret var feil, og tilhøyrde ei tomt som Haaheim Borgen i 2003 skilde ut frå eigedomen sin og selde til naboen, Kent Vågenes.

Truga med inkasso

Ho kontakta Vågenes, som kunne fortelje at han alt før jul hadde oppdaga at han var registrert som eigar av Haaheim Borgens hus og tomt.

— Eg fekk tilsendt rekningar på kommunale avgifter for huset. Eg kontakta kommunen; dei påsto at eg var eigaren, fortel Vågenes.

Trass i iherdige forsøk på å få retta opp feilen, fekk Vågenes stadig nye rekningar og purringar frå kommunen.

— Eg brukte ein heil dag på å springe mellom kontora hos kommunen og kemneren. Det hjelpte ikkje, seier Vågenes.

Til slutt gjekk det så langt at kommunen truga med å gå til Vågenes' arbeidsgjevar og trekkje avgiftene rett frå lønna hans.

— «Det er du som står som eigar, det er du som må ordne opp», var beskjeden eg fekk, seier Vågenes.

Bytta om bruksnummer

Feilen viste seg til sist å liggje i skøytet etter handelen. Ifølgje dokumenta Notar hadde tinglyst, sit Eli Haaheim Borgen berre att med den tomta ho eigentleg selde: 450 kvadratmeter nedanfor huset.

— Eg har sjølv signert på skøytet, og skulle sikkert ha vore meir påpasseleg. Men eg stolte jo på meklaren, og på at han visste kva han gjorde, seier Haaheim Borgen.

Notar innrømmer at dei har rota.

— Ved ein inkurie har vi forbytta to bruksnummer. Dette skal vi rette opp straks. Vi er sjølvsagt lei oss for feilen, seier dagleg leiar Lars Albertsen hos Notar Bergen.

Etter at Bergens Tidende kontakta han onsdag, tok han personleg turen heim til Haaheim Borgen med blomar og nye, korrekte dokument for signering.

- Ein rein skrivefeil

Notar kopla også inn medierådgjevaren sin, Bjørn Kristiansen.

— Dette handlar om ein skrivefeil. Det har vel hendt i Bergens Tidende også frå tid til anna, seier Kristiansen.

Sjølv er Haaheim Borgen letta over at feilen er oppdaga og blir retta opp.

— Men Notar burde ha nok innlevingsevne til å forstå at dette var ubehageleg. Lykka oppi all galskapen var at eg tilfeldigvis kjende kjøparen godt, og at han ikkje har prøvd å sko seg på feilen - for eksempel ved å ta opp lån med pant i huset mitt, seier Haaheim Borgen.