OVE ARNE OLDERKJÆR

Stord

Inspektør Oddbjørn Kvålsvold i Arbeidstilsynet stadfestar at det er registrert ein feil på styresystemet til ståldøra som klemde ein arbeidar i hel. Arbeidstilsynet reknar med at feilen var direkte årsak til ulukka.

45-årige Kjell Fosseng frå Nord-Trøndelag omkom etter å ha kome under press mellom den hydraulisk styrte ståldøra og dørkarmen. Han var tilsett i overflatebehandlingsfirmaet Dalseide & Fløysand.

Ulukka skjedde då Fosseng skulle gå av nattskift litt etter klokka 7 forrige måndag.

Etter det Bergens Tidende kjenner til er det ikkje funne tilsvarande funksjonsfeil på dei 11 andre ståldørene som er i botnen av Kristin-skroget. Alle dørene blei monterte medan skroget blei bygt ved Samsung-verftet i Sør-Korea.

Politiet har enno ikkje gjort ferdig sine undersøkingar kring ulukkesårsaka. Plattformeigar Statoil har saman med Aker Kværner sett ned ein eigen granskingskommisjon for å klarleggja omstenda rundt dødsulukka som skjedde mindre enn to månader før Kristin-plattforma skal overleverast og slepast til produksjonsfeltet i Norskehavet.s