231 fengselsfuglar på lukka soning deltok i forsøket. Halvparten fekk tilført vitamin, mineralar og essensielle feittsyrer, resten fekk eit placebo.

Resultata let ikkje vente på seg. På kort tid vart den antisosiale oppførselen blant fangane som fekk vitamin, dramatisk redusert

  • I løpet av ei veke gjekk talet på vald og overfall ned med 26 prosent.
  • Etter to veker var talet redusert med 37 prosent.

I kontrollgruppa var det derimot lite forandring, viser studien frå Oxford University. I Nederland har styresmaktene sett i gang eit liknande forskingsprosjekt, for å undersøkje om det å gje ernæringstilskot til nederlandske fangar har same positive effekt.