• ROVFUGL PÅ VAKT: Her sit ei av kongeørnene som hekkar i Fitjarøyane. Det hekkande paret skal ha spesialisert seg på å drepa villsau, ifølgje Magnus Johan Steinsvåg, rådgjevar hos Fylkesmannen i Hordaland. Foto: Magnus Johan Steinsvåg

Meir verd som ørnemat enn menneskemat

John Inge Vik fekk rekorderstatning for kongeørna sine drapstokt i saueflokken i fjor. Erstatninga gjev ein tusenlapp meir pr. lam enn om lamma blei levert på slakteriet.