Det er ein føresetnad at stat og kommune er med og dekkjer meirutgiftene.

Den utvida opningstida kan medverke til positiv utvikling i Masfjorden kommune. Totalt blir ekstrautgiftene 470.000 kroner i året. Desse er planlagt finansiert med 270.000 kroner frå staten, 100.000 kroner frå fylkeskommunen og 100.000 kroner frå Masfjorden kommune.

I saksførelegget understrekar fylkesrådmannen at ferjesambandet er riksveg og dermed statleg ansvar. Når fylkeskommunen likevel vil bruke pengar på tiltaket er dette fordi kommunen ligg i eit næringssvakt område og der fjorden deler kommunen i to. I tillegg til betre grunnlag for næringsutvikling, legg fylkesrådmannen vekt på at auka opningstid vil betre velferdstiltaka for innbyggarane.

Saka går vidare til fylkesutvalet 25. og 26. februar.