Denne veka la lensmann Bjørn Lavik fram tal frå 2001, som syner ei dobling av narkotikasaker og relativt stor auke i vinnings-og sedeligheitssaker.

— Lite av kriminalitetsauken kan koplast direkte til Trekantsambandet, seier Lavik til Sunnhordland.

Han meiner at det tyngre rusmiljøet på Bømlo tel kring 40-50 personar. Like før jul opplevde Bømlo sitt første overdosedødsfall.