Øygarden Frp gjekk tysdag kveld inn for å setje Helge André Njåstad på førsteplass på lista til neste års stortingsval.

Valkomiteen har innstilt på Bergens-byråd Gunnar Bakke på topp, men han hamna heilt nede på 5. plass i forslaget frå Øygarden.

Dermed har 12 av 14 lokallag i fylket vraka Bakke som listetopp.

Vann på heimebane

Bakke fekk likevel ein siger tysdag kveld: Ikkje uventa følgde Bergen Frp valkomiteen, og plasserte Bakke på topp.

I Øygarden stod valet mellom Njåstad og sitjande stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter på topp.

— Det vart eit par omrøystingar, for to gongar kom dei to ut med likt røystetal. Men til slutt vart det Helge på topp, seier leiar Svein Berger Bjørge i Øygarden Frp.

Støtte til Hagesæter

Sitjande stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter var plassert heilt nede på 5. plass av nominasjonskomiteen, men i Øygarden kjempa han altså om førsteplassen.

— Vi har sett han i toppen, for etter mi meining sparkar du ikkje ut ein sitjande kandidat før han trekkjer seg. Og han har ikkje gjort noko dårleg jobb, slik vi ser det, seier Bjørge.

Blir avgjort 8. desember

Nominasjonskomiteen i Hordaland Frp skal møtast torsdag. Fylkesstyret legg fram den endelege lista 4. november, men det endelege slaget vil først stå på nominasjonsmøtet 8. desember.