Noko arkitektonisk meisterverk er han slett ikkje, denne nye butikkbygningen heller. Steril ute, og ikkje overdådig innreia inne, heller. Her er det varene som gjeld, og dei skal setja fart i kjøpelysta. Men vi er velkomne til ein hyggeleg handel.

Beinhard konkurranse

Den strategisk plasserte Coop Prix-butikken ved krysset i Skulestadmo er utvida til meir enn det femdoble, og fått namn som står i stil med storleiken.

Med 2000 kvadratmeter tek Coop Extra mål av seg til å verta størst på Voss. Men her er mange om beinet. Rema 1000 og ein Kiwi-butikk er komne til på Palmafossen, samstundes som Kiwi på Vangen har utvida. Likevel held Meny i Amfi-senteret skansen.

NY BUTIKK: Coop Extra er stor, men inga arkitektonisk perle.
Arne Hofseth