— Stadig fleire argument talar for at dei folkevalgte bør setja fart i utgreiingsarbeidet om kommunesamanslåing, seier fylkesmann Oddvar Flæte i Sogn og Fjordane til Bergens Tidende.

Han sit med økonomiske data som viser at dei tre kommunane Hyllestad, Askvoll og Fjaler vil få netto auka rammetilskot frå staten med 6,7 millionar kroner i året (2002-kroner) hvis dei slår seg saman til ein kommune.

Fleire gulrøtter

Men dette er berre ei av gulrøttene som blir servert til dristige samanslåingsregionar for å minske ulempene, ikkje minst dei kjenslemessige, ved å slå seg saman. Fylkesmann Oddvar Flæte seier:

— Det kan også bli desentralisering av fleire oppgåver til kommunane, ifølgje nye signal frå regjeringa. Men føresetnaden er at ein kommune må vera i stand til å ta imot, seier han.

Robust nok

— Kva vilkår bør oppfyllast for at ein kommune kan bli vurdert for slike desentraliserte oppgåver?

— Kommunen må vera robust, ha god økonomi og også vera positiv. Ein kan ikkje venta at folk og jobbar vil strøyme til ein kommune som år etter år svartmalar tilstanden sin. Å kome i posisjon for desentralisering av oppgåver trur eg ville vere ei meir positiv tilnærming enn å kappast om å drøfte elende, seier Flæte.

Fem grunnar til samanslåing

Fylkesmannen listar opp i alt fem argument/moment som talar for samanslåing av små kommunar til ei robust kommuneeining.

  • Økonomi * Kompetanse og rekruttering * Regional tyngde og utvikling n Lokaldemokrati * Oppfylling av rettighetslovene.

— Når det gjeld det siste argumentet veit vi at små kommunar slit med å oppfylle krav i lovverket om ytelsar som folk flest har rett på, seier Flæte.

Viktig våpen mot avfolking

— Kvifor tar du med demokrati, som eit argument for samanslåing av kommunar?

— Nokre kommunar er så små at altfor tette band kan svekke demokratiet, seier Flæte.

Fylkesmannen er heller ikkje i tvil om at sterke kommunar er eit viktig våpen i kampen mot avfolking av distrikta.

— Vi må ha større fokus på dette. Ein får regional tyngde og blir høyrt med ein kommune på 15.000. Det blir du ikkje med 2000, seier han.

fakta/kommunesamanslåing

  • Kommunar som slår seg saman vil etter inntektssystemet sine reglar miste tilskot knytt til storleik på kommunen (regionaltilskotet) og tilskot som er knytt til kvar enkelt kommune (basistilskotet). * Stortinget har difor vedteke at kommunar som slår seg saman skal bli kompensert desse tilskota i ein tiårsperiode (inndelingstilskot). * Til dømes Fjaler, Askvoll og Hyllestad (HAF) får i dag to regionaltilskot (H og F) og tre basistilskot. Som ein HAF-kommune vil dei få eit basistilskot og ingen regionaltilskot. * HAF-kommunen mister 18,2 millionar (2002-kroner) i basis- og regionaltilskot. * Som kompensasjon for dette får HAF-kommunen kvart år i ti år 18,2 millionar i inndelingstilskot. * I modellen for den nye HAF-kommunen med Dale som kommunesenter får storkommunen eit auka rammetilskot, utgiftsutjamning, på 6,7 millionar per år.
FYLKESMANNEN: – Den første samanslåing av kommunar i Sogn og Fjordane vil setja fart i diskusjonen om kommunestrukturen i resten av fylket, seier Oddvar Flæte.
FOTO: ODDLEIV APNESETH