— Ja, slik er det blitt også hos oss. Og det er ikkje så rart, her er jo ingen helgetilbod til oss under 18, seier dei 16 år gamle klasseveninnene Ragna, Hanne og Jane Helen etter at ei ny rusundersøking for Bømlo blei presentert i går.

Ei av fem 8. klasse-jenter har vore tydeleg rusa fleire gonger det siste halvåret, mest på øl. IBlant 10.klassingane er brennevin minst like vanleg blant jenter som blant gutar. Som i andre distriktskommunar på Vestlandet er sprit blant unge på Bømlo langt meir utbreidd enn i Bergen. Men øykommunens 14-17-åringar rusar seg lite på narkotika.

Det var også oppmuntrande funn i rusundersøkinga som Bergensklinikkene gjorde på Bømlo i vår, og som forskningssjef Arvid Skutle og forskar Erik Iversen presenterte i går kveld.

- Ståande utanfor

— Vi slepp ikkje inn på diskotek og restaurantar, og mange unge blir berre ståande utanfor desse stadene. Nokre rusar seg andre ikkje. Berre ein gong i halvåret er det noko som skjer for vår aldergruppe på Bømlo, seier Jane Helen Habbestad, Hanne Baustad Vaaga og Ragna Alvsvåg Folgerø til Bergens Tidende.

Dei tre jentene går i samme klasse første året på allmennlina ved Bømlo vidaregåande skule. Dei møtte opp på Bergensklinkkene sin presentasjon i går fordi dei på skulen arbeider med på eit prosjekt der rus og ungdom står sentralt.

Dobbel jentedose

På landsplan har jenter i alderen 15-18 år auka inntaket av alkohol frå gjennomsnittleg to til fire liter rein alkohol i året frå 1995 til 2001. Denne utviklinga er den mest markerte i unge sin omgang med rusmiddel, sjølv om gutane framleis drikk meir enn jentene. Trenden går att også i Bømlo-undersøkinga, og i tilsvarande granskingar i Odda og Sogn.

Nesten ti prosent av gutane og jentene i 8.klasse og rundt 40 prosent av 10.klassingane svarar at dei rusar seg på sprit, og det er markant høgare enn Bergen.

— Men vi finn det samme i Odda og Sogn, og det tyder på at det er ein brennevinskultur som blømer ute i distrikta, seier forskningssjef Arvid Skutle.

På Bømlo er svært mange unge med i organisert fritidsaktivitet. Blant dei som er med, har 60 prosent aldri rusa seg. Blant dei uorganiserte er det berre 35 prosent som aldri har rusa seg.

VIL HA HANDLING: Når ungdomstilboda uteblir, er det ikkje rart at stadig fleire unge eksperimenterer med rus også på Bømlo, meiner frå v. Ragna Alvsvåg Folgerø, Hanne Baustad Vaaga og Jane Helen Habbestad.