Kjellbjørg Lunde gløymer ikkje så lett nordlandskvinna sin reaksjon. Lunde heldt festtale på SV-landsmøtet nyleg og fortalde friskt og fornøyeleg om den salmeglade stortingsmannen.

Salmar og salmebøker har vel knapt nokon gong vore yndlingslektyre blant SV-folk. Men presten og historikaren Furre har aldri vore lett å tjora fast i ein trong politisk bås. Når partifellar banna, sette han seg heller til å be.

Ingen fortener med større rett å kallast SV-veteran enn denne dystre ryfylkingen som ser ut til å vera henta rett ut frå Det gamle testamentet. I dag, 13. april, fyller han 70 år og kan så smått lena seg tilbake og grubla litt over all protesten han har målbore gjennom eit langt liv i opposisjon.

Nær riksrettstiltale

Som fersk student og AUF-ar hamna han i krinsen rundt bladet Orientering, var med og skipa utbrytarpartiet SF i 1961, fekk stortingssete i 1973 — og greidde med naud og neppe å unngå riksrettstiltale nokre år seinare då han las opp frå hemmelegstempla papir. Han var ikkje verre faren enn at han heldt fram som leiar i SV til 1983.

Mykje tidlegare, i 1958, vart han landskjend då han lokka ein svær bøling stortingsrepresentar frå Ap til å skriva under eit opprop mot atomvåpen på tysk jord. Haakon Lie freste og forbanna den frekke jyplingen vestfrå. Påskeopprøret var på sett og vis eit tidleg varsel om den komande partikløyvinga. Hadde ein ikkje fått SF i 1961, ville ein heller ikkje fått noko SV i 1975. Og heile tida var Berge Furre sentral arkitekt.

Ruvande bøker

Han har vore med på det meste av viktige hendingar på venstresida i norsk politikk dei siste mannsaldrane. Som seriøs og hardt arbeidande idealist har han alltid hatt sterkt gjennomslag blant meiningsfellar. Som medlem av Nobel-komiteen i seinare år er det lett å sjå spora av furrehaldningar i fredspristildelinga til Shirin Ebadi, Wangari Maathai og no sist Muhammad Yunus.

Berge Furre famnar svært vidt. Han var først professor i historie og skreiv standardverket «Vårt hundreår», deretter vart han professor i teologi etter å ha skrive ein murstein av ein biografi om presten og avisgrunnleggjaren Lars Oftedal. Eit storverk i meir enn ein forstand.

Vart overvaka

At Furre er og var omstridd fekk vi eit tankevekkjande døme på i 1996 då han var med og la fram granskingsrapporten om dei hemmelege tenestene (Lund-kommisjonen). Det viste seg at han sjølv vart overvaka av dåverande POT - som medlem av kommisjonen. Skandalen reiv den eine statsråden etter den andre over ende.

Og midt under heksegryta drog han nord til Sørøya ytst på Finnmarkskysten for å gjera sitt for å lindra prestenauda. Han døypte og preika og hjelpte bygdefolket med sjelefreden nokre veker. Å jau, Berge prest er meir enn professor. Som aktiv i Bymisjonen i Oslo gir han dei svake og akterutseglde ei hjelpande hand.

MANGSLUNGEN: Berge Furre er politikar, prest, historikar og ikkje minst ihuga målmann ARKIVFOTO: KNUT FALCH, SCANPIX
Knut Falch