I dag er verk og bruk over heile kommunen pålagt denne skatten. Pluss alle andre eigedomar innanfor eit definert område i sentrum.

Årleg krev kommunen inn sju promiller av den verdien takstfolka har sett på eigedomen. Pengane går i kommunekassen, dei skal ikkje delast med stat og fylke.

Skattlegging i sentrum er lovpålagt dersom kommunen skal kreva inn eigedomsskatt på verk og bruk, først og fremst BKK sine kraftverk. Dei pengane vil kommunen ikkje gå glipp av.

Kommunen definerer sjølv grensene for sentrumsområdet.

Berre eit vedtak i kommunestyret skal til for å innføra eigedomsskatt i heile kommunen. Voss SV har no gjort framlegg om dette, melder avisa Hordaland.

Etter debatten om skulenedleggingar, kan eit slikt framlegg lett få fleirtal. Som kjent vart det ikkje fleirtal for nedlegging av ein einaste skule, men det måtte kuttast i skulebudsjettet.

Med utvida grenser for eigedomsskatt, vil til dømes hytteigarane i Myrkdalen bidra til kommuneøkonomien. Skulen i dalen er likevel ikkje garantert eit langt liv.

Sei di meining i kommentarfeltet under!

KAN SKATTAST: Hytteigarar på Voss, som her i Myrkdalen, kan frå neste år bli med å injisere pengar til kommunebudsjettet i Voss.
Bergens Tidende