— Det handlar om byutvikling og å få sentrum til å fungera. Då må folk få høve til å bu i sentrum, seier ordførar Liv Kari Eskeland (H).

Ho viser til kommunedelplanen, som tilrår fortetting i den gamle strandstaden Leirvik.

— Konsekvensen er at det vil koma opp hus der det ikkje har vore hus før, og ein del høgare hus. Dette kjem til å gå ut over nokon sin utsikt, seier Eskeland.

I fjor godtok kommunestyret eit ti etasjar høgt nybygg i Leirvik sentrum, trass tilrådd maksimalhøgd på seks etasjar i kommunedelplanen. Konfliktprosjektet Holevegen 1 omfattar to bygningar på tre og fire etasjar. Stord-ordføraren ønskjer ikkje å kommentera denne striden.

For to år sidan erklærte kommunestyret ordføraren habil i behandlinga av detaljplanen for tomta, mot Arbeidarpartiet sine røyster. Eskeland har styre- og eigarforhold i Link Arkitektur AS, som har hovudprosjektert Holevegen 1-utbygginga, og Plan Vest, som har utført landskapsvurdering for prosjektet.

— Denne saka er handtert av forvaltningsstyret, der har eg ikkje noko rolle, seier Eskeland.